søndag 11. september 2016

Chilifrø til salgs.

Er du glad i chili er det ingenting i vegen for at du kan dyrke den sjølv. Chili har lang utviklingstid så den må såast allereie i januar. Når ein sår så tidleg må du ha ekstra lys for å få sterke og sunne plantar.
Chili er også varmekjære plantar så dei vil nok trivst best i vindusposten eller i eit drivhus. Bor du sør i landet kan kanskje ein varm solvegg også fungere. Eg bor på Sunnmøre, så mine chili har eg i drivhuset.

Alle frø er hausta frå eigne plantar og alle eg har sådd av eigne frø har vist seg å vere frøekte, men eg garanterer ingenting. Data oppgitt på dei ulike sortane når det gjeld avling er eiga erfaring. Styrke har eg funne hos leverandør der det er oppgitt.

Poser på 10 frø kr 15,- porto på kr 15 kjem i tillegg pr forsendelse.



Eg var veldig heldig med chilien i år. Den var også gjødsla etter alle kunsten regler då eg kjøpte ein oppstartspakke hos Arctic Chili.



Capsicum annuum 'Orange Wonder', middels store frukter og stor avling. Slett ikkje sterk :-)



Capsicum annuum 'Filius Blue', små frukt med stor avling. Flott plante med mørke blad. Styrke oppgitt til 20 000 - 30 000 SHU



Capsicum chinense 'Chocolate Habanero' store frukt, middels avling. Eg fekk 47 stk på ei plante i 10 liters potte. Styrke oppgitt til 425 000 SHU



Capsicum chinense 'Habalokia Yellow' store frukt, med stor avling, eg fekk 100 på ei plante i 10 liters potte. Styrke ukjent, men sterk!! Tipper ca 400 000 - 500 000 SHU TOMT





Capsicum chinense 'Red Habanero' stor frukt, stor avling. Ei plante i 10 liters potte gav 83 chili. Styrke ikkje oppgitt, men over middels sterk. TOMT



Capsicum chinense 'White Habanero' små frukt, middels avling. Styrke oppgitt til 300 000 SHU



Capsicum annuum 'Red Long Slim Cayenne' den første som gir modne chili, store frukt og stor avling. Styrke oppgitt til 30 000 - 50 000 SHU TOMT



Capsicum chinense 'Chocolate Bhutlah', store frukt, middels avling. Styrke ikkje oppgitt, men sterk.



Er du interessert så send meg PM på Kristins Hage&Drivhus. Er du interessert i blomsterfrø kan du gå inn her. 


Du finn meg også på Instagram



2 kommentarer:

  1. For et gjeng med chiliplanter du har. Det er deilig å ha i fryseren. Herlige bilder av fargeglade frukter. Hilsen Merethe

    SvarSlett
  2. Utrolig avling. Noen gode tips angående gjødsling?

    SvarSlett