mandag 14. september 2020

Frø 2022



Frøa er hausta frå eigen hage, tørk, renska og pakka. Alle er oppgitt med botaniske namn. Er du i tvil om korleis du skal så, finn du mange gode råd og tips på nettet. Nokre tips har eg lagt ut lenke til. 

Bestilling på PM til Kristins Hage&Drivhus Det er ikkje alle sortane eg har så mange frø av, så her gjeld det å kome først til mølla 😃 Så lenge anna ikkje er nemt så er alle staudar og vil som regel blomstre året etter dei er sådd.


Pris kr 20,- pr pose til dekking av konvolutter, frøposer, merkelapper ol.
Porto på kr 20.- kjem i tillegg pr forsendelse.
Porto inntil 20 g = 15-20 poser.

Ved kjøp av 10 poser - gratis porto. Ikkje luftløk.




STAUDAR OG LITT ANNA.




Allium cernuum - prærieløk.
Flott blomsterrik allium. Kjem trufast igjen år etter år. Ein av mine favorittar. Blomstrar frå juli - september. Omlag 30 - 40 cm høg. H 4-5. Danner etterkvart store tuer. Kan også brukast som matplante.



Armeria hybrida - Fjørekoll
Flott staude som også passer i fjellhagen/steinbed. Danner etter kvart små tuer. Omlag 40 cm høg. Blomstrer frå juni - august. Flott rosa farge.




Aquilegia 'Heidi' - Akeleie
Vakker akeleie med store blomster og lang blomstringstid. Vil etter kvart danne ei stor tue. Frøekte. H8




Aquilegia kvit - Akeleie
Også denne ser ut til å vere frøekte, men som med den gule, eg garanterer det ikkje 😚 H8. Flotte kvite blomster som lyser godt opp i bedet.

















Clematis macropetala 'Large Hybrids' Kvit
Flott klematis som eg har sådd sjølv. Slett ikkje vanskeleg å få til å spire. Eg sådde den inne, spirte etter 3 veker. Blomstrar i mai - juni. Gruppe 1. H6




Clematis macropetala 'Large Hybrids' Blå
Minst like flott som den kvite. Denne har eg også sådd. Blomstrer mai - juni. Gruppe 1. H6



Diantus barbatus nigrescens 'Sooty' - busknellik. 
Blomstrar i juli - august. Omlag 40 cm høg. Mørkt bladverk. 2-årig, men oppfører seg som ei staude då den her hos meg blomstrar kvart år. H6




Digitalis purpurea lilla - Revebjelle
Revebjeller er to-årige, men frørsår seg så du vil ha den i årevis. Lett å luke bort der du ikkje vil ha dei. Eit must i den romantiske bestemorshagen og ein skikkeleg humlemagnet! H8



Digitalis purpurea rosa - Revebjelle
Min favorittrevebjelle. Nydeleg rosa farge og høgt elska av humler. To-årig. H8


Digitalis purpurea kvit - Revebjelle 
Denne kvite revebjella lyser fint opp i ein mørk krok i hagen. Flott til måneskinnsbedet. Ofte besøkt av humler. To-årig. H8






Echinops exaltatus - Balkankuletistel lys blå
Juli - september. Flott kuletistel som eg ikkje har hatt frø av tidlegare. Kulene er større enn på dei to andre eg har. Denne blir også kalt kjempekuletistel då den blir omlag 1.5 meter høg. Humlene elsker også denne. H6







Echinops ritro - kuletistel blå
August - oktober. Omlag 100 cm høg. Flott staude og ein humle- og sommerfuglmagnet. Dei blå kulene er veldig dekorative i staudebedet. H6 



Eryngium bourgatii - Pyrenestikle
Stikler er flotte staudar som eg får meir og meir sansen for. Blå blomstrer som svevar på lange tynne blå stenglar over dei fleste andre staudane i bedet. Blomstrer lenge, frå juli til slutten av september. Omlag 120 cm høg.



Hemerocallis lilioasphodelus - gul daglilje.
God gamal og nøysom staude. Juni - juli. Omlag 80 cm høg. Her finn du tips til korleis så dagliljer. Usikker på på kor lang tid det tar før den blomstrar.



Hosta mix
Hosta er ikkje frøekte. Dei fleste plantane vil bli grøne, men ein og annan skatt vil dukke opp. Kanskje ein heilt ny variant som du kan kalle opp att etter deg sjølv :-)
H7-8




Iris sibirica.
Blomstrar i juni - juli. 120 cm høg. Slanke lekre blad. Ei pryd i hagen. H8






Knautia macedonica 'Crimson Scabious'
Blomstrar frå juni til september. 60 - 70 cm høg. Flott staude som ofte blir besøk av humler. 
H4-5



















Kolkwitzia amabilis - fagerbusk. 
Lettstelt og nøysom. Blomstrar overveldande i juni med rosa blomstrar. H4-5 Høgde 2-3 meter. Trives også i halvskygge. Overhengande og elegant vekst. Har du ikkje sådd busker eller tre før bør du prøve fagerbusk. Enkel å få til. Eg sådde dei inne om våren. Spiring etter 14 dager. Legg frøa i vatn i eitt døgn. Her finn du meir info.



Lathyrus latifolius - Breiskolm (staudeblomsterert)
Staudevarianten av blomsterert. Nydeleg sart rosa farge. Kjem igjen år etter år og ser ut til å tole det meste av både tørke og regn. Blomstrar lenge, frå juni til september. Omlag 200-250 cm høg. Må bindes opp. Dufter dessverre ikkje, men fin til snitt. H7. 
Såtips: Legg frøa i eit vått papir og pakk inn i plast med litt lufting. Pass på så dei ikkje tørkar ut. Når dei spirar flytt dei forsiktig over i ei potte. Pass på så du ikkje knekk dei små spirane. Kan også såast direkte i potte inne. Spirar etter ca 10 dagar.





Lavandula angustifolia - Lavendel TOMT
Det er ikkje berre roser som kler lavendel. Den er vakker saman med det meste. Duftar nydeleg og blomstrar frå juli til ut i august. Omlag 40 cm høg. H4





Lavatera thuringiaca - Poppelrose 
Flott staude med lang blomstringstid. Omlag 100 - 130 cm høg og blomstrar juli - september. H4




Leontopodium alpinum - Edelweiss
Juni - august. Omlag 10 - 20 cm høg. Alpeplante som er herdig i heile Norge. Her finn du meir info. Flott i samplanting med bla Heuchera (alunrot) Held seg fin heile sesongen. H8





























Lilium martagon rosa
Juni - juli. Herdig over heile landet. Omlag 100-150 cm høg. Det vil ta nokre år etter såing før dei blomster, men den som venter på noko god, ventar ikkje forgjeves :-) Billeg måte å skaffe seg mange martagonliljer. Hos meg frørsår dei seg villeg.




Lychnis coronaria - fløyelstjæreblomst.
Flott to-årig staude som frøsår seg sjølv i hagen. Enkel å luke bort. Første året dannar den ein rosett og blomstrar året etter. Flott sølvgrått bladverk som er lekkert i samplanting med andre staudar. Mest vanleg i rosa, men den kvite varianten er minst like flott. Blomstrar juni - september. Omlag 70 - 80 cm høg. H7






Ligularia - Nøkketunge
gamaldags staude. Blomstrar i juli - september. Omlag 100 - 150 cm høg. H7






Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster

Den vakraste av søstrene og ein av dei staudane eg er mest glad i. Nydeleg lilla farge som så absolutt ikkje kjem til sin rett på desse bileta. Blomstrar i juni - juli. Omlag 90 cm høg. Danner etterkvart ei stor tue. H8.




Nepeta x faassenii - Kattemynte
Omlag 30 cm høg, lang blomstringstid juni - september. H5



Papaver lateritium 'Flore Plena'
Søt liten valmue som blomstrar lenge. Frå juni til langt ut i oktober. Frørsår seg ein del, men er enkel å luke. 40 - 50 cm høg. H7





Paradisea liliastrum - Graslilje
Søt lita staude/urt som også passer godt i fjellhagen. Blir omlag 50 cm høg. Dufter godt. H6 så den kan klare seg i det meste av landet.





Podophyllum hexandrum - Himalayafotblad.
Vil du ha noko litt uvanleg er dette ei artig staude som ein ikkje ofte finn i handelen. Først kjem den med blomster, så kjem blada som er flikete med mørke flekker og på hausten får den store raude frukt fulle av frø. Skuggetolerant. Her får du meir informasjon og såtips. Blomstrar i mai - juni. Enkel å så.




Polemonium caeruleum - Fjellflokk
Blir også kalt Jakobs Stige. Blomstrar i juni - august. Omlag 80 cm høg. H7



Primula denticulata - Kuleprimula mix
Kuleprimula er eit must i hagen min, og eg set ekstra pris på den fordi den er noko av det første som dukker opp om våren. Miks av lilla og kvit. Omlag 25 cm høg. Blomstrar i april - mai.





Primula polyanthus mix
Ingen vår utan Primula. Blomstrar frå februar/mars til langt ut i juni. Kan også kome med eit lite blomsterflor seint på hausten. Her hos meg også i desember. Frømiks av desse som er avbilda samt lilla og mørk gul. H6




Primula veris - Marianøklelblom TOMT
Søt lien primula som etterkvart vil danne ei lita tue. Omlag 20-30 cm høg Blomstrer i mai - juni. H6



Pulsatilla vulgaris - Kubjelle
Flott staude som er ein av dei første som kjem om våren. Omlag 20 cm høg. Blomstrer i april - mai. H7






























Pulsatilla vulgaris 'Rubra' - Kubjelle TOMT
'Rubra' er den raude varianten av kubjelle. Flott den også :-) April - mai. 20 cm. H7





Rhodociton atrosanguineus - Blodbeger
Ein av dei finaste sommerblomstrane. Kan både klatre og henge. Toler ikkje frost og må overvintre inne. Kan bli 2-3 meter . Her ser du korleis eg sår blodbeger.



Saxifraga urbium variegata - Skyggesildre
Skyggesildre med variegerte blad. Blomstar i mai-juni. Veldig lekker i samplanting med Hosta. Omlag 20 cm høg. Danner rosetter som sprer seg sakte utover. Enkel å dele og passer godt som kantplante. Usikker på herdigheit, men trur den toler det meste.




Saxifraga x arendsii-hybrid - Hagesildre
Søt lita staude som blomstrar i mai - juni. Dannar tette tuer og blir omlag 20 cm høg. H6-7





Silene asterias - Stjernesmelle
Flott staude med lange stilker og på toppen ein rund kule som minner meg om Allium. Omlag 70 cm høg. H4.




Sisyrinchium angustifolium - Sivlilje
Veldig søt liten staude med ein nydeleg blå farge. Passer også godt i ein fjellhage.20 - 30 cm høg. Blomstrer i juni - august. H6. Blir også kalt smalblåøyegress.




Stachys grandiflora - prydsvinerot. 
God gamal staude, men ikkje mindre flott av den grunn. Vi etterkvart danne ei stor tue. Blomstrer i juni - august, ca 50 cm høg. H7



Thalictrum aquilegifolium lilla - akeleifrøstjerne
Vakker staude som svevar over dei andre plantene i bedet. Omlag 150 cm høg. H8. Poser med mix av lilla og kvit.



Thalictrum aquilegifolium kvit - akeleifrøstjerne. 
Poser med mix av lilla og kvit.


Trollius europaeus - Ballblom
God gamal staude som blomstrer i mai - juni. Omlag 60 - 70 cm høg.













Tropaeolum peregrinum - Kanariblomkarse 
Hurtigvoksende klatreplante med artige blomster og flikete blad. 1-årig sommerblomst. Omlag 2 meter og kan både klatre og henge. Forkultiveres inne i april eller så direkte ut i mai. Legg frøa i vatn eit døgn før ein sår.




Verbena bonariensis - kjempeverbena. TOMT
Nydeleg staude som vaier elegant over dei andre staudane i bedet. Trives også god i potter. Blomstrer til frosten kjem. Ca 150 cm høg. Må overvintre frostfritt!  Humler og sommarfuglar elskar denne! Ein av mine favoritter. For fleire bilder sjå her




Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - tjæreblom
Eit blikkfang i bedet. Flott rosa farge. Blomstrer i mai - juli. Omlag 40 cm høg.



Wulfenia carintiaca
Lite kjent staude som eg ikkje har funne noko norsk namn på. H7. Omlag 30 cm høg. Blomstrer tidleg vår. (bilete lånt frå nettet)






DIVERSE TIL KJØKKENHAGEN

Luftløk


Luftløk er reine kinderegget. Både toppløk, stengelen og løkane kan etast. Eit "must" i kjøkkenhagen. Her i artikkelen "Luftløk - populær og hardfør" kan du lese meir om denne flotte grønsaka. Hardfør. Små løk med ulik storleik. NB: Porto for luftløk ca kr 55,- 




Kvitløk

Om alt i kjøkkenhagen slår feil blir kvitløken alltid vellukka :-) Dyrking av kvitløk er slett ikkje vanskeleg og berre det å vite at den er kortreist, og kjem frå eigen hage gjer at den smakar betre. Eg har hausta inn bulbiller/frø av 3 ulike sortar. Estisk Rød, ein sort frå Kaukasus og den populære Valdresløken. Ein sort som opprinneleg kjem frå eit kloster i Kviterussland og no blir dyrka i fengselshagen i Valdres. 

Her på bloggen Datsja kan du lese den fantastiske historia om kvitløken frå Kviterussland. Begge sortane er hardneck. Første året vil dei bli som små kinesiske kvitløk og det vil nok ta 2 år før dei dannar fedd. Bulbillane kan settes vår eller haust.








For nokre år sidan var så heldig å få tak i 6 fedd er eg no sjølvforsynt med kvitløk heile året. Har ein først fått tak i god setteløk er den vel verd å ta vare på.



Ca storleik på bulbiller av Estisk Rød, Kaukasus og Valdreløken. Varierande storleik.






DIVERSE URTER OG GRØNSAKER




Allium fistulosum - Vårløk
Visste du at vårløk kjem igjen år etter år? Om du berre haustar inn av stilkane vil ha den i mange år. Allereie i april kjem den med nye friske skot og du kan haust inn langt etter at frosten har kome. Eg har tatt inn vårløk midt på vinteren. (Bilete er tatt i slutten av april)


Allium tuberosum - Kinesisk grasløk
Kraftigere blad enn på den vanleg grasløken. Smaker svakt av kvitløk.



Brassica oleracea ´Scarlet´ - Raud grønkål

Passer godt i woken og som spinat. Flott farge som gjer seg godt i salaten. Kan også tørkes i ovnen som eit sunt potetgull.


Brassica rapa var. japonica - Mizunakål
Asiatisk kålvekst. Mild og søt smak. Kan dyrkast inne heile året. Veldig god i salat.

Brassica juncea var. rugosa (mangler bilete)
Ein mix av ulike salater av Mizuna, Red Giant, Golden Frills og Purple Frills. Hausta frå eigen hage så usikker på kva som dukke opp :-) 


Levisticum officinale - Løpstikke (kjærleiksurt)
Fleirårig urt som kan bli 1 - 2 meter høg. Kraftig smak, kan brukast i staden for buljong. Eit must i kjøkkenhagen. Ypparleg til urtesalt. For meir info sjå her






For bestilling gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Om du ikkje er det frå før så blir eg glad om du legg deg deg til som "liker", :-)


Her viser eg korleis eg sår staudar.
Det meste av frøa eg sel kan ein så på denne måten.






Aquilegia mix 
Eventyrblanding med ca 15 ulike akeleier i alle slags fargar, enkle og fylte. Dei fleste akeleier er notorisk utro så det er umulig å vite om dei blir lik morplanta. Dette er ein frømiks av alle dei andre eg har. Herher og her finn du bilete av dei ulike variantane. H8