Det er ikkje mykje som kan samanliknast med å kunne hauste grønsaker frå eigen hage. Spesielt når ein finn ut at det slett ikkje er så vanskeleg. Rett nok blir ikkje alt like vellykka, men det gjeld å fokusere på det ein får til.

Her dyrkar eg ulike typar salat, løk, kvitløk, asparges, gulrøter, grønkål og diverse anna som eg ikkje kjem på i farta. Eg dyrkar kun i pallekarmar, veldig praktisk og så har eg betre kontroll på ugraset. Jorda vert også varmare så det spirar tidlegare. Når eg sår legg eg fiberduk over som gjer at jorda held på varmen og samstundes vernar den mot sniglar.
Kvar vår startar eg like entusiastisk opp, og gløymt er bønnene som sniglane åt opp, og blomkål på størrelse med ein femkrone som så skaut i veret og blomstra. Gløymt er også salaten som aldri spirte og min første kvitløk som i beste fall var like stor som ei klinkekule. Den vart med andakt brukt til kvitløksmajones.
Her er skrytebilder frå fjorårets produksjon av grønsaker. Eg gler meg som ein unge til starte opp igjen i år. Berre sjå kor godt det ser ut, og smaken var endå betre. I tillegg er den prøytefri og kortreist!

Her dyrkar eg ulike typar salat, løk, kvitløk, asparges, gulrøter, grønkål og diverse anna som eg ikkje kjem på i farta. Eg dyrkar kun i pallekarmar, veldig praktisk og så har eg betre kontroll på ugraset. Jorda vert også varmare så det spirar tidlegare. Når eg sår legg eg fiberduk over som gjer at jorda held på varmen og samstundes vernar den mot sniglar.
Sukkererter slår aldri feil. Det eg ikkje rekk å ete forveller eg og frys ned så har eg langt ut over vinteren.
Så langt, men ikkje lengre, dette er bønnene som sniglane gnafsa i seg. Eg har ein stor bestand med boasniglar i hagen og dei gjer liten skad på plantar og grønsaker, men bønner var visst snadder. Brunsniglar har eg sett nokre få av, men det er fleire år sidan eg sist såg dei sist. Kan vere at boasnigelen har jaga eller tatt knekken på dei?

Luftløk til venstre, den har eg ikkje heilt lært korleis eg skal bruke så gode tips blir eg glad for.
Har du hage og plass til ein pallekarm eller to så er det berre å sette i gang. Smaken av heimedyrka og kortreist mat kan ikkje samanliknast med noko av det ein får kjøpt i butikken.

Her finn du meg og hagepusen Frøya på facebook: Kristins Hage&Drivhus og her på Instagram
Ta turen innom her: Moseplassen - sommerdrømmer
Ta turen innom her: Moseplassen - sommerdrømmer