mandag 28. mars 2016

Ein ny vår

No har bloggen min fått seg ei skikkeleg vårreingjering med ny layout og nytt namn. Alt dette takka vere ei kjekk og totalt, for meg ukjent dame som tok kontakt via facebook. No har Rie Aleksandra rydda litt og samstundes fått meg i gang med blogging igjen.
Rie Aleksandra er no i ferd med å opprette bloggen Cicerone. Her finn du mange nyttige lenker til mellom anna hagestell, fermentering og matlaging. Vel verd eit besøk.

Ny språkdrakt vert det også då eg no prøvar på å blåse støvet av nynorsken.
Som sunnmøring ligg det meg meir naturleg å skrive nynorsk enn bokmål. Dessverre så har den blitt litt rusten med åra, så garva nynorskfolk vil nok finne ein og annan skrivefeil. Korriger meg gjerne - eg er ikkje hårsår :-)

Her hos meg er alt som vanleg på denne tida av året. Frø til spiring på kjøkenet, fullt på planterommet, og drivhuset byrjar å bli fullt det også.



 






















Cordyline har klart vinteren bra i drivhuset i vinter. Nokre tørre tuppar på blada, men det får heller våge seg. Tomatane er flytta ut, og er allereie byrja å blomstre. Sådde vel tidleg denne sesongen.

Sjøl om eg er langt framfor skjema så vil eg tru det er ei stund til eg får nyte smaken av desse.



Vil du sjå meir frå hagen min og korleis eg toppar chiliplantar kan du gå inn på facebooksida mi og legg deg gjerne til:

Kristins Hage&Drivhus eller på Instagram

Berre for å sagt det så var det gamle namnet på bloggen min "New Dawn: Min hageverden"





24 kommentarer:

  1. Hei.
    Kjekt at du har byrja å skrive på bloggen att.
    Det er mykje å lære av å lese hagebloggar. Lærde til dømes ompotting av agurk ved å lese bloggen din. Tusen takk for det. No kolapsar ikkje agurken min etter ompotting lenger.
    For min del går det akkurat no for tida i såing av diverse grønsaker, men og nokre sommarblomar og ein staudesådd ute.
    Kjekt at du skriv på nynorsk - det må haldast ved like elles vert språket fort gløymd.
    Kjem til å fylgje deg framover.

    Benni

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggelig kommentar :-) og så kjekt å høyre at du fekk bruk for eit av tipsa mine.

      Slett
  2. Velkommen tilbake i bloggland. Jeg ble sittende å se på headerbildet ditt, det var utrolig flott. Gleder meg til å følge med deg utover mot sommeren.
    Nyt våren og kos deg!

    Klem Vivi

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha :-) Nyt våren og lykke til med hagesesongen.

      Slett
  3. Hei Kristin, takk for hyggelige ord og for linking til den nye bloggen min - håper at folk kan ha nytte og glede av denne. :) Gleder meg også til å følge deg videre i vår/sommer - god blogging!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for at du tok deg tid til å hjelpe meg med bloggen :-) Gler meg til å følge bloggane dine eg også.

      Slett
    2. Så bra at du skriv på nynorsk, så får eg kommentere med det og! Eg må sjekke det med tipping av chili. Har drivhus for første gong, og har allereie fine planter. Ha ein fin kveld! Helsing Anne-Kristin frå Lykkelig i hagen (den er skrive på bokmål)

      Slett
  4. Så moro at du er tilbake i blogglandet.
    Det er veldig hyggelig at flere og flere tar turen tilbake.
    Det gledes!
    Ha en fin kveld.
    Klem Christina

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Kjempeflott blogg du har :-)

      Slett
  5. Koselig at du er tilbake! Alltid hyggelig å lese bloggen din :)

    SvarSlett
  6. Ser flott ut!. Takk for fin blogg. Ser at du har en type selvvanninspotter til tomatene. Er de selvlaget eller har du kjøpt de et sted? I tilfelle hvor?Takk for svar.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei har eg laga sjølv. 17 liters bøtter frå biltema, ein pose lekakuler i bunnen og plastrør som eg stikk ned i og vitner i. Borre Hol i byttene langs kanten ca 10 over botnen. Enkelt og billig :-)

      Slett
  7. Koselig at du er tilbake, så store tomatplantene dine vat allerede, mine er nettopp begynt og komme opp av jorda.

    Ha ei fin uke, æ følger dæ som vanlig :)

    Lisbeth :O)

    SvarSlett
    Svar
    1. Koselig å få kommentar frå deg Lisbeth :-) Kjem til å stikke innom bloggen din eg også no når eg forhåpentligvis har starta å blogge igjen.

      Slett
  8. Hei Kristin:)
    Så koselig å se at du er tilbake!
    Og flott med ny layout og greier...godt med litt fornying også:)
    Gleder meg til å følge med deg utover:)
    Inger marie:)

    SvarSlett
  9. Hei igjen

    Jeg prøvde å svare deg på bloggen min, men vet dessverre ikke noe om det bloggproblemet ditt.

    Ha en fin kveld!

    SvarSlett
  10. Du verden! Gratulerer med ny blogg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det :-) Har ambisjoner om å få fart på blogginga igjen.

      Slett
  11. Så kjekt å se at du blogger igjen. Jeg har også vært veldig fraværende en lang stund, men har stadig planer om en oppdatering av bloggen og et sterkt "comeback".
    Har bestilt diverse næring til tomat og chilipalntene mine i dag etter din anbefaling. Ha en fortsatt fin uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Då håpar eg at gjødsla du har bestilt fungerer bra :-) Kjekt at du satsar på comeback :-)

      Slett
  12. Så ryddig og flott bloggen din vart! Du er flink som skriv på nynorsk, eg er ikkje heilt der enda, men vekslar litt mellom bokmål og nynorsk ellers! Vi får sjå! Eg burde nok gjort noko med min blogg, eg og, vi får sjå! Nyt våren!

    SvarSlett
    Svar
    1. Nyt våren du også. Nynorsken min er heller ikkje heilt på topp, men eg prøvar så godt eg kan.

      Slett