Våren er på veg og på denne tida er det mange som sår, priklar og dyrkar diverse vekstar på ulikt vis. Det finst sikker fleire vegar til Rom, men her vil eg vise korleis eg gjer det.
Det er såtid i heimen og alt utstyret er på plass. Såjord, potter, frø og merkepinnar. Det siste er veldig viktig for elles går det i surr. Innbill deg aldri at du huskar kva som er kva om du sår meir enn tre sortar.
Pottene er fylt med godt fukta jord. Eg strør eller legg frøa opp på jorda, sprayer på litt vatn for ekstra fukt og legg så meir jord på toppen. Kor mykje jord kjem an på kor store frøa er. Det dobbelte av storleiken på frøa er ein god regel. Les på pakken! Ikkje alle skal dekkast med jord. Pass på at overflata alltid er svakt fuktig så frøa ikkje tørkar ut!
Då er grunnarbeidet gjort og ventetida startar. Eg spirar frøa under lysrøra på kjøkkenbenken. Godt med varme er eit "must". Stuetemperatur passer bra og varmekablane på badet er også eit alternativ om det går altfor treigt. Er det staudar som treng stratifisering (kuldebehandling) sett eg dei ut. Enno ein gong, les på pakken!
Eg brukar små minidrivhus, eller ein kan også dekke dei med plast. Pass på at dei får litt luft så frøa ikkje rotnar. Jorda skal og MÅ vere fuktig, men ikkje kliss blaut.
No startar snart det som er aller mest artig. Dei aller første små spirane dukkar opp i såpottene. Ein gledens dag. Etter å har stirra på svart jord i fleire dagar, og gjerne fleire gongar for dag, er det som eit under at dei tørre små frøa vaknar til liv og vert til grøne spirar.
Det først eg då gjer er å fjerne potta frå minidrivhuset. For dei må spirane vert det for varmt og fuktig under lokket, og det ber strake vegen ned på planterommet der det er kjøligare.
For lite lys og for høg temperatur = lange, tynne og svake spirar. Viktig!
Tips: Ulike sortar spirar ulikt så ikkje bruk brett der pottene heng saman. Det blir litt ugreit når nokre spirar og andre ser ut til å ta seg god tid. Då kan du fjerne ei og ei potte etterkvart som det spirar.
På planterommet har eg fleire lysarmatur som heng i kjettingar som er festa i taket. Passe avstand frå lysrør til plantar er ca 30 cm. Etterkvart som dei veks er det enkelt å heve lyset så plantane ikkje vert svidd. Det er berre å balansere på ei gardintrapp og flytte kjettingen nokre hakk oppover.
Neste steg er prikling. Skal dei vekse seg store og sterke må dei få seg eiga potte med god jord. Eg priklar dei små spirane over i "plantejord med naturgjødsel," som det står på sekken. Etter alt arbeid og omsorg eg har lagt ned spandere eg skikkelig jord på småspirane.
Moralen er: Ikkje kjøp den billegaste jorda.

Når eg priklar gjer eg det så enkelt at eg klemmer på potta for å løsne jordklumpen, tømer den ut og dreg spirane forsiktig frå kvarandre for ikkje å skade røtene. Før det har eg gjort klar nye potter med jord, lager eit passe hol og plasserer spiren ned i holet. Dytt dei forsiktig på plass med ein pinne ol. og sørg for at røtene er i god kontakt med jorda.
Eg held småspirane i stilken så eg ikkje knekk stilken. Skadar du den er alt håp ute for den lille spiren. Frøblad er dei to første bladpara som kjem og ser annaleis ut enn dei blada som kjem seinare.
Når eg priklar dei om sett eg dei alltid djupare i den nye potta. Gjerne jord heilt opp til under frøblada. Sett pottene på eit brett og slå på vatn så jorda trekk det opp i krukka. Virkar jorda litt tørr sprayer eg på vatn for å fukte den.
Heretter vatnar eg KUN på brettet for å unngå rothalsrote og hærmygg. Hærmygg er noko dritt, då larvane et opp dei spinkle røtene. Dessverre er det sånn at larvane er i jord du kjøper, og det er ikkje mulig å oppdage dei før etter eit par veker eller så når små svarte fluger svirrer rundt i rommet. Når du vatnar nedanfrå vil røtene blir sterkare fordi dei må søke nedover etter vatn.
Ein vinn vinn situasjon med andre ord :-)
Får du først hærmygg er det nesten umulig å bli kvitt, men fortvil ikkje, held du angrepet i sjakk vil det gå bra likevel. Eg prøver å klaske dei ihjel noko som ikkje er så enkelt, men er god trim :-) Flugepapir funkar også!
Her ser du korleis eg "taklar" hærmygg
Har fått mange spørsmål om kor ofte eg vatnar og svaret på det er når det trengs :-) Det finst ikkje noko fasitsvar fordi det kjem an på temperatur, størrelse på potter og kor godt utvikla rotsystemet er. Mitt beste tips er, løft opp potta og kjenn under, er den såvidt fuktig vatnar du
ikkje sjølv om jorda er knusktørr på overflata. Undervatningsmatter er også kjekt å ha. Dei held på fuktigheita og eg kjenner på matta om det er på tide å vatne.
Slik ser mine matter ut og dei held som regel i eit par sesongar eller meir. For å vere på den sikre sida vasker eg dei godt før eg tek dei i bruk igjen så eg ikkje dreg med meg eventuell smitte. Gamle handdukar gjer også nytta.
Når plantane har fått fart på seg brukar eg å toppe dei. Det kan du lese om i
denne bloggposten. Topping gjeld sommarblomstrar og ikkje om du sår staudar.
Her ser du korleis eg sår staudar ute i januar/februar. Håper dette var til nytte, er det noko du lurer på så berre spør og eg skal svare etter beste evne.
Eg har også ein del frø av staudar, klematis, urter og grønsaker sals for ein billeg penge. Dei finn du
HER.
Er du interessert i chili og tomatfrø finn du det
HER
LYKKE TIL!