torsdag 18. oktober 2018

Sal av frø hausten 2018

Frøa er hausta frå eigen hage og tørka og rensa etter beste evne :-) Alle er oppgitt med botaniske namn, så er du i tvil om korleis du skal så dei så finn du mange gode råd og tips på nettet. Nokre tips har eg lagt ut lenke til. 

Korleis du legg inn bestilling finn du nederst i innlegget. Det er ikkje alle sortane eg har så mange frø av, så først til mølla :-) Så lenge anna ikkje er nemt så er alle staudar og vil som regel blomstre året etter dei er sådd.

Komplett frøliste og korleis bestille finn du i nederst på sida.

Pris kr 20,- pr pose. Porto på kr 15,- kjem i tillegg pr forsendelse.
Porto inntil 20 gr = 15-20 poser.

Porto kr 48,- for luftløk og bulbiller av kvitløken frå Romania.


STAUDAR, KLEMATIS OG LITT ANNA.





Aconitum septentrion 'Ivorine' - Hjelm 
Blomstrar frå juni til august. Omlag 50 cm høg. For deg som er glad i kvite staudar :-) Godt likt av humlene. H8



Agastache rugosa, Koreansk Anisisop
Blomstrar frå juni til september. God duft og stor humlemagnet. Omlag 80 - 90 cm høg. H5



Allium cernuum - prærieløk.
Flott blomsterrik allium. Kjem trufast igjen år etter år. Ein av mine favorittar. Blomstrar frå juni - september. Omlag 30 - 40 cm høg. H 4-5. Danner etterkvart store tuer. Kan også brukast som matplante.

Allium lilla
Denne har eg dessverre ikkje bilde av og heller ikkje namn, men den er ikkje så ulik den du ser her. Omlag 1 meter høg. Er usikker, men det det vil nok gå eit par år etter såing før den blomstrar.





Allium vineale 'Hair' Strandløk
Flott løkplante som frørsår seg sjølv om du ikkje tar bort frøstandane etter blomstring. Her får den så seg fritt :-) Blomstrar mai - juni. Omlag 50 cm høg.



Aquilegia 'Heidi' - Akeleie TOMT
Dette er den einaste akeleia eg har som eg er sikker på er frøekte. Blomstrar lengre enn dei andre og har også større blomster. Flott akeleie som etterkvart danner ei stor tue. H8






















Aquilegia mix 
Eventyrblanding av akeleier i alle slags fargar, enkle og fylte. Akeleier er notorisk utro så det er umulig å vite om dei blir lik morplanta. Dette er ein frømiks av dei eg har. Herher og her finn du bilete av dei ulike variantane. Det kan også vere at det dukkar opp heilt andre kombinasjoner. Akeleier er aldri kjedelige å så! H8



Armeria hybrida - Fjørekoll
Flott staude som også passer i steinbed. Dannar etterkvar små tette tuer. Omlag 40 - 50 cm høg. Flott rosa farge. Blomstrar frå juli til oktober.



Astrantia major rosa - stjerneskjerm. 
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. Lys rosa/lilla med det same den blomstrar. Lekker staude som har blitt ein av mine favorittar. Humlemagnet. H7-8



Centaurea montana - Honningknoppurt
Nøysom staude som blomstrar i juni - august. Omlag 70 cm høg. Kutter du den ned etter første blomstring vil den mest sannsynleg blomstre også seinare på sommaren. Har pryda norske hager sidan 1800-talet. Vakker blå farge og duftar godt. Godt likt av humlene. H8



Clematis alpina 'Ruby' - alpeklematis.
Vakker blomsterrik alpeklematis. Blomstrar om våren. Gruppe 1 klematis som ikkje treng beskjering.  Eg fleire av desse som klatrar på ei armeringsmatte for å skjerme for innsyn. Etter avblomstring pyntar frøstendene opp. Dei ser ut som grå dusker. H7.
Her finn du såtips.



Clematis alpina - blå alpeklematis. 
Blomstrar tidleg vår. H7




Clematis macropetala 'Large Hybrids'
Flott klematis som eg har sådd sjølv. Slett ikkje vanskeleg å få til å spire. Eg sådde den inne, spirte etter 3 veker. Kan også stratifiserast. Blomstrar på våren. Eg er usikker på om den er frøekte, men av dei eg sådde fekk eg fleste kvite og ein blå.



Dahlia (Georginer)
Dahlia er for meg den optimale sommerblomst. Eg sår i februar og dei startar som regel blomstringa i slutten av juni. Spirar lett og vil i løpet av sommaren danne knollar. Desse må inn då Dahlia ikkje er vinterherdige. Høgd frå 50 - 110 cm. Fargar i rosa, kvit, raud, gul og orange. Dei er ikkje frøekte så kun poser med fargeblanding.




Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' - ridderspore
Lekker ridderspore som blir omlag 150 cm høg. Enda flottare enn på bilete :-) Blomstrar i juli - august. H7. Eg er usikker på kor frøekte dei ulike riddersporane er, men eg trur ikkje dei vil bli så ulik morplanta. 




Delphinium mix- ridderspore
Miks av blå riddersporer. H7




Delphinium elatum 'Misty Mauve'
Lekker blålilla farge. H7. Godt likt av humler.




Diantus barbatus nigrescens 'Sooty' - busknellik
Lekker nellik som blomstrar i juli - august. Omlag 40 cm høg. 2-årig, men oppfører seg som ei staude då den her hos meg blomstrar kvart år. H6




Digitalis purpurea lilla - Revebjelle
Revebjeller er to-årige, men frørsår seg så du vil ha den i årevis. Lett å luke bort der du ikkje vil ha dei. Eit must i den romantiske bestemorshagen og ein skikkeleg humlemagnet! H8



Digitalis purpurea rosa - Revebjelle
To-årig


Digitalis purpurea kvit - Revebjelle
To-årig



Dodecatheon meadia - Gudeblom
Lekker lita staude. Omlag 60 cm høg. Blomstrar i mai-juni. H7



Echinops ritro - kuletistel TOMT
Juli - september. Omlag 100 cm høg. Flott staude og ein humle- og sommerfuglmagnet. Dei blå kulene er veldig dekorative i staudebedet.




Erigeron borealis - Bakkestjerne
Lita staude som trives i steinbedet. Omlag 10-20 cm høg. Blomstrar i juni-juli. H8




Eryngium bourgatii - Pyrenestikle
Stikler er flotte staudar som eg får meir og meir sansen for. Den blå blomstra svevar på lange tynne blå stenglar over dei fleste andre staudane i bedet. Blomstrar lenge, frå juli til slutten av september. Omlag 120 cm høg.



Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom
Blomstrar i mai - juni. Omlag 30 - 50 cm høg. Danner etterkvart store tuer som med fordel kan delast. Ein fargeklatt i bedet. H8



















Hebe topiaria
Nydeleg liten vintergrøn busk som blir omlag 20 - 30 cm høg. Blomstrar i juni - juli. Usikker på kor herdig den er. Denne har eg hatt sidan 2009 og den har overlevd eit par skikkeleg hard vintre. Eg bor i sone H3. Det vil nok ta nokre år etter sådd før den blomstrar, men med si kulerunde vekstform er den like flott utan blomstrar.



Hemerocallis lilioasphodelus - gul daglilje.
God gamal og nøysom staude. Juni - juli. Omlag 80 cm høg. Her finn du tips til korleis så dagliljer. Usikker på på kor lang tid det tar før den blomstrar.




Hosta mix
Hosta er ikkje frøekte. Dei fleste plantane vil bli grøne, men ein og annan skatt vil dukke opp. Kanskje ein heilt ny variant som du kan kalle opp att etter deg sjølv :-)
H7-8



Iris pseudacorus -  sverdlilje. 
Blomstrar i juni - juli. Danner kraftige tuer med tett bladverk. Trives overalt i hagen. Omlag120 cm. H8. Ver obs på at alle irisane ikkje blomstrar før 2 - 3 år etter dei er sådd.




Iris sibirica. 
Blomstrar i juni - juli. 120 cm høg. Slanke lekre blad. H8






Iris sibirica 'Snow Queen'
Flott kvit Iris som blir omlag 60 cm høg. Blomstrar i juni-juli. H7



















Kolkwitzia amabilis - fagerbusk. 
Lettstelt og nøysom. Blomstrar overveldande i juni med rosa blomstrar. H4-5 Høgde 2-3 meter. Trives også i halvskygge. Overhengande og elegant vekst. Har du ikkje sådd busker eller tre før bør du prøve fagerbusk. Enkel å få til. Eg sådde dei inne om våren. Spiring etter 14 dager. Legg frøa i vatn i eitt døgn. Her finn du meir info.



Lathyrus latifolius - Breiskolm (staudeblomsterert)
Staudevarianten av blomsterert. Nydeleg sart rosa farge. Kjem igjen år etter år og ser ut til å tole det meste av både tørke og regn. Blomstrar lenge, frå juni til september. Omlag 200-250 cm høg. Må bindes opp. Dufter dessverre ikkje, men fin til snitt. H7. 
Såtips: Legg frøa i eit vått papir og pakk inn i plast med litt lufting. Pass på så dei ikkje tørkar ut. Når dei spirar flytt dei forsiktig over i ei potte. Pass på så du ikkje knekk dei små spirane. Kan også såast direkte i potte inne. Spirar etter ca 10 dagar.



Lavandula angustifolia - Lavendel
Det er ikkje berre roser som kler lavendel. Den er vakker saman med det meste. Duftar nydeleg og blomstrar frå juli til ut i august. Omlag 40 cm høg. H4




Leontopodium alpinum - Edelweiss 
Juni - august. Omlag 10 - 20 cm høg. Alpeplante som er herdig i heile Norge. Her finn du meir info. Flott i samplanting med bla Heuchera (alunrot) Held seg fin heile sesongen. H8
























Lilium martagon rosa- Krøllilje
Juni - juli. Herdig over heile landet. Omlag 100-150 cm høg. Det vil ta nokre år etter såing før den blomster, men den som venter på noko god, ventar ikkje forgjeves :-) Billeg måte å skaffe seg mange martagonliljer på.



Lunaria annua - Judaspenge
Blomstrar i juni-juli. To-årig. Første året danner den ein rosett og blomstrar året etter. Frørsår seg så du vil ha den i hagen år etter år. Danner dekorative sølvfarga frøstander. Omlag 70 cm høg. H7. Har dessverre ikkje bilde, men du finn den her






Lychnis coronaria - fløyelstjæreblomst.
Flott to-årig staude som frøsår seg sjølv i hagen. Enkel å luke bort. Første året dannar den ein rosett og blomstrar året etter. Flott sølvgrått bladverk som er lekkert i samplanting med andre staudar. Mest vanleg i rosa, men den kvite varianten er minst like flott. Blomstrar juni - september. Omlag 70 - 80 cm høg. H7



Lythrum salicaria 'Rosy Gem' - Strandkatthale
Flott rosalilla staude. Blomstrar i juli - august. Omlag 80 - 90 cm høg. Lettstelt og salttolerant. H6



Meconopsis 'Lingholm' - Valmuesøster TOMT
Kanskje den blåaste av dei blå valmuesøstrane som finst. 120 cm høg. Mai - juni.  H8




Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster
Den vakraste av søstrene og min absolutte favoritt. Nydeleg lilla farge, blomstrar i juni - juli. Omlag 90 cm høg. Danner etterkvart ei stor tue. H8.



Monarda didyma 'Cambrigde Scarlet' Hestemynte
Blomstrar frå juli - september. Omlag 80 cm høg. Hestemynte er ein skikkeleg humlemagnet. Blada kan brukast til te, og blomster og blad i salat. Duftar nydeleg. H6



Monarda didyma lilla hestemynte. 
Nydeleg lilla farge. Denne blomstrar litt seinare enn den raude. Duftar nydeleg og er omsverma av humler til langt ut på hausten. Blomstrar ofte til frosten kjem. Kan også brukast til te og salat. H6




Papaver orientale 'Coral Reef'
Lekker rosa orientvalmue. Blomstrar i juni - juli. Omlag 80 cm høg. H7




Papaver orientale 'Prinzessin Victoria Louise'
Blomstrar i juni - juli. Omlag 80 cm høg. H7




Papaver lateritium 'Flore Plena'
Søt liten valmue som blomstrar lenge. Frå juni til langt ut i oktober. Frørsår seg ein del, men er enkel å luke. 40 - 50 cm høg. H7





























Podophyllum hexandrum - Himalayafotblad.
Vil du ha noko litt uvanleg er dette ei artig staude som ein ikkje ofte finn i handelen. Først kjem den med blomster, så kjem blada som er flikete med mørke flekker og på hausten får den store raude frukt fulle av frø. Skuggetolerant. Her får du meir informasjon og såtips. Blomstrar i mai - juni. Enkel å så.








Primula polyanthus mix
Ingen vår utan Primula. Blomstrar frå februar/mars til langt ut i juni. Kan også kome med eit lite blomsterflor seint på hausten. Her hos meg også i desember. Frømiks av desse som er avbilda samt lilla og mørk gul.



Pulsatilla vulgaris - Kubjelle 
Flott staude som er ein av dei første som blomstrar om våren. Omlag 20 cm høg. Blomstrar i april - mai. H7



Pulsatilla vulgaris alba - Kubjelle 
Også lekker som kvit. April - mai. 20 cm. H7





Pulsatilla vulgaris 'Rubra' - Kubjelle TOMT
'Rubra' er den raude varianten av kubjelle. Flott den også :-) April - mai. 20 cm. H7






Rhodochiton atrosanguineus - blodbeger
Er det ei plante eg berre MÅ ha så er det blodbeger. Bør sås tidleg på året skal den rekke å blomstre i løpet av sommaren. Blomstra til frosten kjem. Må overvintre frostfritt. Her ser du korleis eg sår blodbeger



Saxifraga urbium variegata - Skyggesildre
Skyggesildre med variegerte blad. Blomstar i mai-juni. Flott i samplanting med Hosta. Omlag 20 cm høg. Danner rosette som sprer seg sakte utover. Enkel å dele og passer godt som kantplante. Usikker på herdigheit, men trur den toler det meste.




Saxifraga x arendsii-hybrid - Hagesildre
Søt lita staude som blomstrar i mai - juni. Dannar tette tuer og blir omlag 20 cm høg. H6-7




Stachys grandiflora - prydsvinerot. 
God gamal staude, men ikkje mindre flott av den grunn. Vi etterkvart danne ei stor tue. Blomstrar i juni - august, ca 50 cm høg. H7



Thalictrum aquilegifolium - akeleifrøstjerne
Vakker staude som svevar over dei fleste andre plantane i bedet. Ein av mine favorittar. Omlag 150 cm høg. H8



Thalictrum aquilegifolium 'Alba' - akeleifrøstjerne
Den er minst like vakker i kvitt.


Trollius europaeus - Ballblom TOMT
God gamal staude som blimstrar i mai - juni. Omlag 60 - 70 cm høg.



Trollius ircuticus - Sibirballblom
Litt annaleis ballblom med opne blomstrar. Lekker gul/orange farge. Blomstrar i juni - juli. Omlag 70 cm høg. H 6-7



Verbena bonariensis - kjempeverbena.
Nydeleg staude som vaier elegant over dei andre staudane i bedet. Trives også god i potter. Blomstrar til frosten kjem. Ca 150 cm høg. Må overvintre frostfritt! Humlemagnet. Ein av mine favorittar. For fleire bilder sjå her




Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - tjæreblom
Eit blikkfang i bedet. Flott rosa farge. Blomstrar i mai - juli. Omlag 40 cm høg.


DIVERSE TIL KJØKKENHAGEN

Luftløk


Luftløk er reine kinderegget. Både toppløk, stengelen og løkane kan etast. Eit "must" i kjøkkenhagen. Her i artikkelen "Luftløk - populær og hardfør" kan du lese meir om denne flotte grønsaka. Hardfør. NB: Porto for luftløk kr 48,-



Sånn ser luftløken ut på hausten. Her ser ein godt kvifor den har fått namnet luftløk. Stenglane vil etterkvart bøye seg ned så løkane kjem i kontakt med jorda.


Kvitløk

Dyrking av kvitløk er slett ikkje vanskeleg og berre det å vite at den er kortreist og kjem frå eigen hage gjer at den smakar betre. Eg har hausta inn bulbiller/frø av 4 ulike sortar. Estisk Rød, kvitløk frå Romania, Pskem og ein sort frå Russland, også kjent som kvitløken frå fengselet i Valdres.  

Her på bloggen Datsja kan du lese den fantastiske historia om den Russiske kvitløken. Alle sortane er hardneck. Første året vil dei bli som små kinesiske kvitløk og det vil nok ta 2 -3 år før dei dannar fedd. Her kan du lese meir om ulike kvitløksortar.




Frå eg for nokre år sidan var så heldig å få tak i 6 fedd er eg no sjølvforsynt med kvitløk heile året. Har ein først fått tak i god setteløk er den vel verd å ta vare på.



Bulbiller av Pskem, Estisk Rød og russisk kvitløk.
Estisk Rød TOMT



Bulbiller av kvitløken frå Romania. TOMT
NB: Porto for rumensk kvitløk kr 48,- då bulbillane er ein del større enn frå dei andre kvitløksortane.


DIVERSE URTER OG GRØNSAKER




Allium fistulosum - Vårløk
Visste du at vårløk kjem igjen år etter år? Om du berre haustar inn stilkane vil ha den i mange år. Allereie i april kjem den med nye friske skot og du kan haust inn langt etter at frosten har komt. Eg har tatt inn vårløk midt på vinteren. (Bilete er tatt i slutten av april)



Brassica oleracea 'Scarlet' - Grønkål
Den raude varianten av grønkål, men like sunn. I moderate mengder god i salat og veldi dekorativ. Veldig god i supper og du kan også lage pesto eller supersunn chips. På nettet finn du mange gode oppskrifter.




Brassica rapa ssp. chinensis - Pak Choy
Miks av ulike sortar Pak Choy. Kan bli ulik dei på bilete. God i rå salat, flott i wok og mykje anna. Trives med kjøleg forhold og toler litt frost. Denne må eg så kvart år.




Brassica rapa var. japonica - Mizunakål
Veldig god salat. Sprø og med mild smak. Lett å dyrke og veks fort. Ein favoritt. Kan også dyrkast innandørs heile året.





Diplotaxis tenuifolia - Vill ruccola
(ser litt pjusk ut, men bilete er tatt i slutten av april)
Fleirårig ruccolasalat med kraftfull og krydra smak. Danner rosetter og du kan hauste fleire gonger i sesongen. Hardfør. 





Levisticum officinale - Løpstikke (kjærleiksurt)
Fleirårig urt som kan bli 1 - 2 meter høg. Kraftig smak, kan brukast i staden for buljong. Eit must i kjøkkenhagen. Ypparleg til urtesalt. For meir info sjå her


Eg har også frø av kinesisk grasløk som smaker svakt av kvitløk, kjørvel og ein miks av asiasalat. (Sjå frøliste nedst i innlegget)


CHILI OG TOMAT

Chili dyrkar eg i drivhuset, men det går godt an ut i ein lun solvegg eller inne på stua. Eg brukar 10 liters potter, men det går fint an å dyrke i mindre potter også. Då vil planta blir mindre og det same gjeld som regel frukta.
Chili er dekorative plantar og i passande store potter er det ikkje noko i vegen for å ha dei i vinduskarmen. Chili treng langt tid på å utvikle frukt og eg sår dei tidleg i januar og aler dei opp på eit planterom med tilleggslys.



Capsicum chinense 'Carolina Reaper'
For den vågale? Står oppført i Guiness rekordbok som verdens sterkaste chili noko eg tvilar på kan stemme, men utan tvil den sterkaste eg har. Litt over over middels stor frukt. Oppgitt til 2 200 000 SHU. Bruk hanskar!



Capsicum annuum 'Pimientos de Padron'
Denne skal haustast inn grøn, men blir etterkvart raud og då litt sterkare. Mild i smak, berre litt sterkare enn paprika når den er grøn. Store frukt.



Capsicum baccatum 'Lemon Drop'
Ein av mine favorittar. Middels store frukt. 
Både duft og smak har preg av sitrus. SHU 30 000 - 50 000



Capsicum annuum 'Black&Red'
Dette var ein "raritet" som dukka opp i drivhuset frå frø eg haust av eigne plantar og som eg har sett eige namn på. Usikker på kva det er krysning av, men det kan vere Filius Blue og Orange Wonder, begge annuum som viste seg ikkje å vere frøekte.

Dekorativ plante med frukt som utviklar seg frå grønt til svart og til slutt raudt. Blir sterkare etterkvart så her har du ein chili med to ulike styrkar og du kan hauste etter smak og behag. Middels sterk, små frukt og stor avling.




Capsicum chinense 'Scotch Bonnet Red'
Store frukt med god styrke. Stor avling.



Capsicum chinense 'Habanero Orange'
Stor frukt og stor avling. Middels styrke.



Capsicum baccatum 'Aji White Fantasy'
Artig fasong :-) og store frukt. Mild 5000 - 10 000 SHU. Blir først kvit og går over til lys gul når den er moden.


TOMAT


Hundreds &Thousands TOMT
Cherrytomat med overhengande vekst og passar godt i ein stor ampel. Små søte tomatar som passar godt som snacks og i salaten. 



Millefleur
Bildet yter ikkje denne tomaten rettferdigheit, men var det einaste eg fann. Produserer store mengder små gulorange cherrytomatar. Deilig og søt på smak og flotte i salaten. Må knipast, men ein kan med fordel la den få to hovedstammer. Ein favoritt.




Moneymaker TOMT
Middels stor ranketomat som eg kallar "pappas favoritt" Får mange tomatar med søt og god smak. Må knipast. Har dyrka denne i mange år og kjem til å fortsette med det.




Grushovka
Busktomat med kjempestore tomatar og stor avling. Stammer frå Russland og egnar seg godt på friland. Til og med her på våte Sunnmøre får eg modne tomatar. Etter mi meining kanskje ikkje den som smakar aller best, men egnar seg godt til supper og sausar.

For bestilling gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Om du ikkje er det frå før så blir eg glad om du legg deg deg til som "liker", :-)

Her viser eg korleis eg sår staudar. Det meste av frøa eg sel kan såast på denne måten.


-->
DIVERSE FRØ AV STAUDAR, KLEMATIS OG BUSKER ANT FRØ PRIS
Aconitum septentrion 'Ivorine' - Hjelm 10 20,-
Agastache rugosa - Koreansk anisisop 50 20,-
Allium cernuum - Prærieløk 20 20,-
Allium lilla 10 20,-
Allium vinale 'Hair' - Strandløk 6 20,-
Aquilegia 'Heidi' - Akeleie TOMT 50 20,-
Aquilegia mix Akeleie 100 20,-
Armeria hybrida - Fjørkoll 50 20,-
Astrantia major  - Stjerneskjerm 30 20,-
Centaurea montana - Honningknoppurt 30 20,-
Clematis 'Ruby' - Alpeklematis 20 20,-
Clematis alpina - Alpeklematis 20 20,-
Clematis macropetala 'Large Hybrids' - Klematis
Dahlia
20
40
20,-
20,-
Delphinium blå mix - Ridderspore 20 20,-
Delphinium elatum 'Misty Mauve' - Ridderspore 20 20,-
Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' - Ridderspore 20 20,-
Dianthus barbatus nigrescens 'Sooty' - Busknellik 50 20,-
Digitalis purpurea kvit - Revebjelle 100 20,-
Digitalis purpurea lilla - Revebjelle 100 20,-
Digitalis purpurea rosa - Revebjelle 100 20,-
Dodecatheon meadia - Gudeblom 30 20,-
Echinops ritro blå - Kuletistel TOMT 15 20,-
Erigeron borealis - Bakkestjerne 30 20,-
Eryngium bourgatii - Pyrenestikle 30 20,-
Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom 50 20,-
Hebe topiaria 50 20,-
Hemerocallis lilioasphodelus - Daglilje 10 20,-
Hosta mix 15 20,-
Iris pseudacorus - Sverdlilje 10 20,-
Iris sibirica - sibiriris 10 20,-
Iris sibirica 'Snow Queen' Iris 10 20,-
Kolkwitzia amabilis - Fagerbusk  6 20,-
Lathyrus latifolius - Breiskolm blomsterert staude 10 20,-
Lavandula angustifolia - Lavendel 30 20,-
Leontopodium alpinum - Edelweiss 50 20,-
Lilium martagon rosa 15 20,-
Lunaria annua - Judaspenge 10 20,-
Lychnis coronaria kvit - Fløyelstjæreblomst 100 20,-
Lychnis coronaria rosa - Fløyelstjæreblomst 100 20,-
Lythrum salicaria 'Rosy Gem' Strandkatthale 50 20,-
Meconopsis - 'Lingholm' TOMT 50 20,-
Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster 50 20,-
Monarda didyma - Hestemynte lilla 10 20,-
Monarda didyma 'Cambrigde Scarlet' Hestemynte 10 20,-
Papaver lateritium 'Flore Plena' - Valmue 100 20,-
Papaver orientale 'Coral Reef' - Valmue 50 20,-
Papaver orientale 'Prinzessin Victoria Louise' - Valmue 50 20,-
Podophyllum hexandrum - Himalayafotblad 6 20,-
Primula polyanthus mix - Primula 50 20,-
Pulsatilla vulgaris 'Ruby - Kubjelle 20 20,-
Pulsatilla vulgaris alba - Kubjelle 20 20,-
Pulsatilla vulgaris lilla - Kubjelle TOMT 20 20,-
Rhodochiton atrosanguineum - Blodbeger 30 20,-
Saxifraga urbium variegata - Skyggesildre 100 20,-
Saxifraga x arendsii-hybrid - Hagesildre 100 20,-
Stachys grandiflora - Prydsvinerot 15 20,-
Thalictrum aquilegifolium 'Alba' - Akeleiefrøstjerne 20 20,-
Thalictrum aquilegifolium lilla - Akeleiefrøstjerne 20 20,-
Trollius europaeus - Ballblom TOMT 30 20,-
Trollius ircuticus - Sibirballblom 30 20,-
Verbena bonariensis 'Buena' - Kjempeverbena 30 20,-
Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - Tjæreblom 100 20,-
CHILI OG TOMAT ANT FRØ
Capsicum annuum 'Black&Red' 6 20,-
Capsicum annuum 'Pimientos de Padron' 6 20,-
Capsicum baccatum 'Aji White Fantasy' 6 20,-
Capsicum baccatum 'Lemon Drop' 6 20,-
Capsicum chinense 'Carolina Reaper' 6 20,-
Capsicum chinense 'Habanero Orange' 6 20,-
Capsicum chinense 'Scotch Bonnet Red' 6 20,-
Solanum lycopersicum 'Hundreds & Thousands’TOMT 6 20,-
Solanum lycopersicum 'Millefleur' 6 20,-
Solanum lycopersicum 'Monymaker' TOMT 6 20,-
Solanum lycopersicum 'Grushovka'' 6 20,-
6 20,-
GRØNSAKER, URTER OG KVITLØK
Allium × proliferum - Luftløk 5 20,-
Allium fistulosum - Vårløk 50 20,-
Allium tuberosum - Kinesisk grasløk 20 20,-
Anthriscus cerefolium - Kjørvel 50 20,-
Brassica juncea var. rugosa - Asiasalat mix 50 20,-
Brassica oleracea 'Scarlet' - Raud Grønkål 50 20,-
Brassica rapa ssp. chinensis. - Pak Choy mix 50 20,-
Brassica rapa var. japonica - Mizunakål 50 20,-
Diplotaxis tenuifolia - Vill ruccola 100 20,-
Levisticum officinale - Løpstikke 30 20,-
Kvitløk frå Romania TOMT 10 20,-
Kvitløk Estisk Rød TOMT 20 20,-
Kvitløk frå Russland 20 20,-
Kvitløk Pskem 20 20,-


Du finn meg også på Instagram


Her finn du flotte hagegrupper som er verd å ta ein tur innom:
og

om du vil kjøpe eller selge frø
og



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar