tirsdag 15. november 2016

Korleis lykkast med å så Rhodochiton atrosanguineum - blodbeger

Blodbeger eller Rhodochiton atrosanguineum er ei praktfull slyngplante som eg berre må ha kvart år. Blodbeger er ikkje vinterherdig, men det er ikkje noko i vegen for å overvintre den inne. Eg har mine i eit oppvarma drivhus. Då dei er dyre i innkjøp og ikkje alltid like lett å få tak i, sår eg dei sjølv.




Som regel overlever dei fleste plantane, men litt svinn blir det likevel så eg sår nye kvart år av frø som eg haustar inn. Blodbeger har rykte på seg for å vere vanskeleg å få til å spire, men har du modne frø, litt tolmodegheit så er det ingen heksekunst. Dei veks også veldig seint så eg sår dei allereie mellom jul og nyttår. Her vil eg vise korleis eg gjer det trinn for trinn.





Ver sikker på at frøa er modne. Sånn skal frø og frøkapsler sjå ut når dei er spiredyktige. Kapslen skal vere brun og kjennes tørr ut. Når du opnar den dryss frøa ut. Om du haustar frå eigne planter så ikkje vent altfor lenge. Kapselen vil til slutt sprekke opp og frøa vil då drysse ut på bakken.


Vil du så dine eigne plantar finn du frø av blodbeger og mykje anna 





For best resultat brukar eg alltid såjord når eg sår. Du kan også bruke vanlig jord, men då er det ein fordel å blande i litt sand.
Først fyller eg potta med jord som har romtemperatur, vatnar og lar den stå ei stund så vatnet renn av. Strø så frøa på jorda, kor tett du strør er avhengig av kor kjekt du synes det er å prikle :-) Trykk dei forsiktig ned så dei kjem i god kontakt med jorda, dusj med ei sprayflaske.

Eg strør bittelitt jord på frøa, men pass på så du ikkje dekker dei for mykje. Det er betre med for lite jord enn for mykje. Om frøa er synleg opp på jorda gjer det ikkje noko. Dei vil spire likevel. Dekker du med for mykje jord kan du risikere at dei ikkje spirar i det heile, eller at det vil ta veldig lang tid.





Eg set dei til spiring under lysrøra på kjøkkenbenken. Lyset star på heile døgnet, ikkje fordi dei må ha lys på dette stadiet men for å gi ekstra varme. Varmekablane på golvet på badet er også eit alternativ.

Bruk gjerne eit minidrivhus, eller dekk potta med plast som du stikk hol i for lufting. Pass på at dei ikkje tørkar ut. Jorda skal vere fuktig, men ikkje kliss våt. Då vil frøa rotne.
Om dei ikkje spirar etter ca 8 - 9 dagar så prøv å sett dei varmare i eit døgn eller så. Eg flytter dei då inn på golvet badet. Ver tolmodig, det kan gå over 14 dagar før du ser første spiren.




Som ein ser så sår eg ganske tett og når den første spiren viser seg tar eg bort plasten og etter nokre dagar flytter eg dei ned på planterommet i kjellaren. Der har eg vanlege lysarmatur som heng i kjetting over plantebordet så eg kan flytte lyset opp etter kvart som dei små spirane veks.

Passe avstand frå lysrør til planter er ca 30 cm. Eg prøvar å halde temperature på ca 15 grader. Blir det for mørkt og for varmt vil du få lange svake spirar. Tommelfingerregelen er: Dess varmare det er, til meir lys treng dei. Dei veks veldig seint i starten, men etter nokre veker skyt dei plutseleg fart.


HER er ein tilsvarande bloggpost som også viser korleis eg priklar.


Følg meg gjerne på Facebook og Instagram