fredag 2. desember 2016

Korleis så staudar ute

Det å så sine eigne staudar er både billeg og slett ikkje så vanskeleg så mange vil tru. Det fins forskjellege måtar og gjere det på og her vil eg vise korleis ein stratifiserer (kuldebehandlar) staudar.




Fordelen med å sette staudane ut er mange, du slepp å ha planterom med ekstra lys, dei klarar seg som regel sjølv, ein slepp herding til utemiljø og plantane blir sterke og sunne. Som tommelfingerregel kan ein sei: Alle staudar kan ein kuldebehandle og nokre  ha kuldebehandling for at spireprossen skal starte.
Kuldebehandling betyr ikkje at frø må ha minusgrader, men at temperaturen er lav og vekslande.

Har du inga eller liten erfaring med å så? Ta turen innom  HER. Der finn du ei detaljert forklaring på korleis ein sår og priklar. Framgangsmåten er den same som om ein sår og driv dei opp inne eller ute.

Aller først, ein staude er ei plante som visnar ned om vinteren og kjem igjen år etter år. Det er berre eit fåtal staudar som vil blomstre første året dei blir sådde. Som regel blomstrar dei ikkje før andre året. Med nokre kan det også ta fleire år.

Dei fleste staudane vi har i Norge overlever vinteren ute, nokre så som Rhodochiton atrosanguineus - blodbeger og Verbena bonariensis må takast inn og overvintre frostfritt.

Eg sår som regel tidleg i januar. La jorda vere godt fuktig men ikkje kliss blaut. Pottene lar eg stå inne i eit par dagar så frøa får trekke vatn. Så sett eg sett dei ut på ein plass med god drenering. Eg sett pottene i kasser som tidlegare har vore brukt til sopp eller trådkorger er også godt egna. Legg noko under så dei kjem opp frå bakken. Over pottene legg eg ein duk (markduk) for at frøa ikkje skal bli skylt bort av ver og vind. La dei gjerne snø ned.

Når vårsola kjem er det på tide å lette på duken for å sjå etter tegn på liv. Om ein ikkje fjernar den tidsnok kan spirane bli lange og slengete på grunn av for lite lys og for høg temperatur under duken. Om det likevel skulle skje, så fortvil ikkje, dei vil som regel kome til hektane igjen.
No er det berre å fjerne duken og etter kvart som temperaturen stig og lyset kjem tilbake vil dei spire. Pass berre på så dei ikkje tørkar ut i vårsola. Er du plaga med sniglar så sørg for å få dei opp frå bakken, småspirar er yndlingsretten til sniglane.




Er du av den utolmodige typen kan du ta pottene inn for å fart på spiringa. Ulempen med det er at du då helst må kunne tilby dei ekstra lys og du må herde dei til utemiljøet. Herding er å bere planter inn og ut, passe på så dei ikkje frys ihjel og at dei ikkje blir solbrent. Då vil dei i beste fall blir sterkt tilbakesett eller i verste fall stryke med. Då staudar sjeldan blomstrar same året er det liten hensikt i å lage seg så mykje ekstra arbeid.
Skulle det ikkje spire i alle pottene så ikkje la dei gå i komposten. La dei berre stå ute til neste vår, det kan vere at dei berre treng litt meir tid på seg.

Her finn du frøliste

Eller send PM til Kristins Hage&Drivhus


Følg meg gjerne på Facebook og på Instagram




2 kommentarer:

  1. Heia!
    Begynner du å så stauder nå? Jeg har tenkt for alvor å prøve meg på staudesåing i år, jeg også. Høstet masse frø i høst og har gått amok og bestilt masse frø (noe jeg hadde bestemt meg for at jeg ikke skulle gjøre) :) Blir spennende å se ....om noen år om det blir bra. Har for meg at planter man sår selv blir mer herdig - vet du om det stemmer? Tenkte jeg skulle få de føste frøene i jorda i dag.
    God søndag!

    SvarSlett
  2. Hei :-) Såg desverre ikkje kommentaren din før no Lena. Eg sår ikkje staudar før i januar. Her på Sunnmøre er det ofte masse regn og ein del + grader før jul, så for at dei ikkje skal bli skylt bort av alle nedbøren ventar eg til over nyttår.
    Veit ikkje om plantane I seg sjøl blir meir herdige, men småspirane som spirar og veks opp ute er betre rusta for utelivet, og så slepp ein herding med å bere dei inn og ut. Staudar som blir sad og spirt inne har også ein tendens til å bli lange og slenget av for lite lys og for mykje varme.
    Lykke til med spiring, og husk at om dei ikkje spirar første våren så berre la dei stå eit år til.
    Mvh Kristin

    SvarSlett