lørdag 14. mai 2016

Dyrking av asparges - korleis eg gjer det.

Ingenting kan overgå smaken av årets første heimedyrka asparges. Berre ein er tolmodig nok er det slett ikkje vanskeleg å få til. Ikkje treng ein stor plass, og den klarer seg stort sett på eiga hand berre dei får godt med gjødsel. Eg brukar naturgjødsel i form av pellets og gjødslar på same måte som eg gjer med dei fleste grønsaker. Eg er ingen ekspert på aspargesdyrking, men har prøvd og feila og her vil eg dele mine erfaringer.

For all del, ikkje sjå på dette som ein fasit, det er nok mange som kan dette mykje betre enn meg.


Tolmodig må ein vere for å dyrke fram asparges frå frø. Om ein googlar finn ein ulike tips om når ein kan starte å hauste. Eg hausta forsiktig 3. og 4. året og frå 5. året har eg hausta for fullt fram til jonsok.



Eg sådde asparges i februar 2010 og dei spirte etter ca 3 veker. På seinsommaren same år planta eg dei ut i pallekarmen. Heile 6 plantar i ein karm, noko som nok er i meste laget. Til trass for det får eg ei grei avling, sjølv om nokre av dei er mykje tynnare enn dei du kjøpar i butikken. Til gjengjeld er smaken mykje betre :-)


Etter at eg hadde planta dei ut kom eg på at eg kanskje skulle google litt for å finne ut korleis det faktisk skulle gjerast. Heldigvis gjorde eg det etter at eg hadde sett dei ut, for etter "boka" såg det veldig så omstendeleg ut, det var så ein reint kunne misse motet.
No har eg då gjort på min eigen amatørmessige måte, men asparges blir det likevel :-)


Dei første spirane dukker opp allereie i april, og tidleg i mai er det klart for hausting. Så går det slag i slag heil fram til jonsok. Er tilhøva optimale med varme og fuktigheit så veks dei utruleg fort, opp til fleire cm på ein dag. 
Etter jonsok er det stopp, då skal dei vekse i fred for å samle næring til neste års sesong. Etterkvart blir dei omlag 1,5 meter høge og liknar på dill. Eg bitt dei opp så dei ikkje legg seg utover.


Dette bildet er tatt tidleg i juli og om ikkje lenge vil aspargesen få eit grønt og frodig bladverk. 


Vil du sjå meir frå hagen min (og hagepusen Frøya) finn du det på facebook 

og 


11 kommentarer:

  1. De er mer hardføre enn man skulle tro. Jeg har hatt asparges i mange år, her i sone H7. Jeg kjøpte frø og sådde for mange år siden, og gjorde som du; planta på amatørmåten. Det gikk brillefint! Her i Troms får jeg ikke stor avling, det blir akkurat så vi får smake hvert år. Men det er jo gøy å få det til :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så flott å høyre at det går an å dyrke asparges i Troms i sone H7. Har prøvd å finne ut kor langt nord det går an å dyrke asparges men har ikkje funne svar før no. Takker :-)

      Slett
    2. Hei Rita, så spennende! Innland eller kyst? Har også lyst å prøve 🤞

      Slett
  2. Høres utrolig spennende ut. Asparges er jo kjempe godt. Jeg har aldri prøvd, men kanskje dette kan være noe å prøve til neste år.

    Vivi

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig artig Vivi :-) og enkelt å få til, berre ein er tolmodig.

      Slett
  3. Interessant innlegg! Jeg har lyst til å forsøke, men har ikke kommet så langt ennå. At de kan stå i pallekarmer gjør det litt enklere. Vil de ha mye sol?

    SvarSlett
    Svar
    1. Mine får sol frå tidleg morgon til langt ut på ettermiddagen. Om det blir for mykje skugge så trivst dei ikkje.

      Slett
  4. Åååå,så flott at jeg fant bloggen din:)
    Har nettopp planta asparges.Dem er på tredje året.Gartneren sa jeg kunne høste til neste år.Har bare litt kugjødselkompost så jeg må få tak i annen gjødsel :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje prøvd, men eg veit at dei likar godt å bli gjødsla med tang.

      Slett
  5. Jeg tok avlegger fra hagen der bestefar plantet dem, så plantene mine er minst 40 år gamle. De gir ikke sås stor avling, kanskje de er for gamle, så jeg vurderer å så på nytt. Deilig med fersk grønn asparges! Hilsen Anne-Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Kan nok vere at dei for for gamle. Har lest at dei kan bli 20 år, men eg trur nok at det også er i meste laget. Har planer om å så nye eg også til våren.

      Slett