lørdag 23. april 2016

Klematis - hagens lunefulle primadonna.

Til trass for at det er i slutten av april er det surt og kaldt ute. Kva passer då betre enn å kose seg med bilder frå forrige sommar. Eg er i overkant glad i klematis og har etterkvart skaffa meg rundt 30 ulike sortar. Eg er ingen ekspert på klematis, men etterkvart har eg prøvd og feila så litt har eg vel lært.

Første bud når ein kjøper klematis er å ikkje kaste namnelappen. Årsaka til det er fordi klematis skal klippast på 3 forskjellige måter.

Andre bud er at om den klematisen du planta i fjor ikkje dukkar opp neste år, så tyder det ikkje at den er død. Det kan vere at den berre vil kvile litt og året etter finn den ut at den skal den ta igjen blomstring for begge åra.

For å sei det med andre ord: "Om roser er hagens dronning så er klematis hagens lunefulle primadonna."

Klematis er delt inn i 3 forskjellig grupper og skal difor kuttast ned på tre forskjellige måtar. Då er det greit å vite kva den heiter så ein ikkje klipper feil. Om du kuttar for mykje kan du gå glipp av første blomstring. Nokre klematis i gruppe 2 blomster to gonger, først med fylte blomster og så eit mindre flor med enkle blomster.

Eg starter med min absolutte favoritt. Clematis 'Ilka' Denne er importert frå Estland for fleire år sidan.



Ilka er den klematisen eg har som kjem med dei største blomstrane. Den tilhøyrer gruppe 2 og 

beskjerast forsiktig etter blomstring i juni. Nydeleg lillablå farge og ulik alle andre klematis som eg har i hagen.




Clematis 'Ville de Lyon'. Etter ein del googling finn eg ut at dei lærde stridast og at den er plassert i både gruppe 2 og 3. Som regel treng eg ikkje ta stilling til det fordi den i hagen min er utsatt for ein del vind og greinane knekk heil nede ved bakken. Difor blomstrar den seint, gjerne etter at dei andre klematisane så og seie er ferdig med blomstringa.












Clematis 'Romantica' også importert frå Estland. Dette er ein gruppe 3 klematis og i februar/mars skal den kuttast ned til ca 20 cm over bakken.



Veldig klatrevillig og i hagen min slyngar den seg oppover ei bjørk. 'Romantica' er også ein av dei mørkaste klematisane eg har. Kan bli over 3 meter høg og blomstrar frå juli til september.





I armeringsmatta har eg to ulike alpeklemais. Den som er mest vanleg er blå, og så har eg Clematis alpina 'Ruby' Apeklematis som blomstrar tidleg om våren tilhøyrer gruppe 1. Dei skal ein ikkje beskjere, men kun klippe bort døde greiner om våren. 



Meir om hagen finn du på Kristins Hage&Drivhus og på Instagram



8 kommentarer:

  1. Hei så nyydelige klematis!! Ha en kjempefin lørdag :)

    SvarSlett
  2. Ilka er helt nydelig, du! Den må jeg legge på minnet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, Ilka er nydeleg, men er usikker på om den er lett å få tak i dessverre.

      Slett
  3. Fantastisk flotte klematis. Spesielt 'Ilka'. Nydelig farge :)

    SvarSlett
  4. 30 Klimatis... det var mye :)
    Æ har bare en sort :p
    Nydelige bilder, Ha ei fortsatt fin helg.

    Lisbeth :O)

    SvarSlett
    Svar
    1. Klematis får eg aldri nok av. No er det rimelig fullt og eg har 4 stk som eg har sådd ståande i drivhuset. Må ordne meg fleire klatrestativ i hagen.

      Slett