lørdag 23. april 2016

Klematis - hagens lunefulle primadonna.

Til trass for at det er i slutten av april er det surt og kaldt ute. Kva passer då betre enn å kose seg med bilder frå forrige sommar. Eg er i overkant glad i klematis og har etterkvart skaffa meg rundt 30 ulike sortar. Eg er ingen ekspert på klematis, men etterkvart har eg prøvd og feila så litt har eg vel lært.

Første bud når ein kjøper klematis er å ikkje kaste namnelappen. Årsaka til det er fordi klematis skal klippast på 3 forskjellige måter.

Andre bud er at om den klematisen du planta i fjor ikkje dukkar opp neste år, så tyder det ikkje at den er død. Det kan vere at den berre vil kvile litt og året etter finn den ut at den skal den ta igjen blomstring for begge åra.

For å sei det med andre ord: "Om roser er hagens dronning så er klematis hagens lunefulle primadonna."

Klematis er delt inn i 3 forskjellig grupper og skal difor kuttast ned på tre forskjellige måtar. Då er det greit å vite kva den heiter så ein ikkje klipper feil. Om du kuttar for mykje kan du gå glipp av første blomstring. Nokre klematis i gruppe 2 blomster to gonger, først med fylte blomster og så eit mindre flor med enkle blomster.

Eg starter med min absolutte favoritt. Clematis 'Ilka' Denne er importert frå Estland for fleire år sidan.



Ilka er den klematisen eg har som kjem med dei største blomstrane. Den tilhøyrer gruppe 2 og 

beskjerast forsiktig etter blomstring i juni. Nydeleg lillablå farge og ulik alle andre klematis som eg har i hagen.




Clematis 'Ville de Lyon'. Etter ein del googling finn eg ut at dei lærde stridast og at den er plassert i både gruppe 2 og 3. Som regel treng eg ikkje ta stilling til det fordi den i hagen min er utsatt for ein del vind og greinane knekk heil nede ved bakken. Difor blomstrar den seint, gjerne etter at dei andre klematisane så og seie er ferdig med blomstringa.












Clematis 'Romantica' også importert frå Estland. Dette er ein gruppe 3 klematis og i februar/mars skal den kuttast ned til ca 20 cm over bakken.



Veldig klatrevillig og i hagen min slyngar den seg oppover ei bjørk. 'Romantica' er også ein av dei mørkaste klematisane eg har. Kan bli over 3 meter høg og blomstrar frå juli til september.





I armeringsmatta har eg to ulike alpeklemais. Den som er mest vanleg er blå, og så har eg Clematis alpina 'Ruby' Apeklematis som blomstrar tidleg om våren tilhøyrer gruppe 1. Dei skal ein ikkje beskjere, men kun klippe bort døde greiner om våren. 



Meir om hagen finn du på Kristins Hage&Drivhus og på Instagram



søndag 17. april 2016

Det blomstrar i vårhagen.

Det er ei herlig tid no framover og for kvar dag som går er det noko nytt som blomstrar i hagen. Småfuglane kvitrar og rett som det er stikk dei hovudet inn i fuglekassene som eg har rundt omkring i hagen for å sjå om det er ein passande stad å bygge reir.
Her er litt av dagens fotofangst :-)



Primula juliae ein lav primula med lysande kvite blomstrar. Ein av mine favorittar.




Alpeklematisen som står i ei krukke på verandaen har allereie fått knoppar.




Hacquetia epipactis limefarga blomstrar som står i fleire månadar. Denne veit eg ikkje det norske namnet på, er det nokon som kan hjelpe?



Pulsatilla - kubjelle har dukka opp med sine lodne knoppar. Mjuke og gode å ta på. Pulsatilla er vakker når dei står i knopp, flotte når dei blomstrar, og minst like vakker med sin "bustete" frøstand.



Forsythia - gullbusk lyser godt opp der den står lengst nede i hagen. Eg er ikkje spesielt glad i gult, men om våren synes eg det er ein passande farge.



Sånn til slutt :-) Her er hagepusen Frøya som tar oppgåva med å passe på drivhuset alvorleg.

Her finn du meg og hagepusen Frøya på Facebook Kristins Hage&Drivhus og her på Instagram følg oss gjerne om du vil.


torsdag 7. april 2016

Såing og prikling - korleis eg gjer det

Våren er på veg og på denne tida er det mange som sår, priklar og dyrkar diverse vekstar på ulikt vis. Mange har nok i likheit med meg starta for lenge sida, men det er enno ikkje for seint å så ulike sommarblomstrar. Det finst sikker fleire vegar til Rom, men her vil eg vise korleis eg gjer det.

Det er såtid i heimen og alt utstyret er på plass. Såjord, potter, frø og merkepinnar. Det siste er veldig viktig for elles går det i surr. Innbill deg aldri at du huskar kva som er kva om du sår meir enn tre sortar.




Pottene er fylt med godt fukta jord. Eg strør eller legg frøa opp på jorda, sprayer på litt vatn for ekstra fukt og legg så meir jord på toppen. Kor mykje jord kjem an på kor store frøa er. Det dobbelte av storleiken på frøa er ein god regel. Les på pakken! Ikkje alle skal dekkast med jord. Pass på at overflata alltid er svakt fuktig så frøa ikkje tørkar ut!




Då er grunnarbeidet gjort og ventetida startar. Eg spirar frøa under lysrøra på kjøkkenbenken. Godt med varme er eit "must". Stuetemperatur passer bra og varmekablane på badet er også eit alternativ om det går altfor treigt. Er det staudar som treng stratifisering (kuldebehandling) sett eg dei ut. Enno ein gong, les på pakken!
Eg brukar  små minidrivhus, eller ein kan også dekke dei med plast. Pass på at dei får litt luft så frøa ikkje rotnar. Jorda skal og MÅ vere fuktig, men ikkje kliss blaut.




No startar snart det som er aller mest artig. Dei aller første små spirane dukkar opp i såpottene. Ein gledens dag. Etter å har stirra på svart jord i fleire dagar, og gjerne fleire gongar for dag, er det som eit under at dei tørre små frøa vaknar til liv og vert til grøne spirar.

Det først eg då gjer er å fjerne potta frå minidrivhuset. For dei må spirane vert det for varmt og fuktig under lokket, og det ber strake vegen ned på planterommet der det er kjøligare.

For lite lys og for høg temperatur = lange, tynne og svake spirar. Viktig!
Tips: Ulike sortar spirar ulikt så ikkje bruk brett der pottene heng saman. Det blir litt ugreit når nokre spirar og andre ser ut til å ta seg god tid. Då kan du fjerne ei og ei potte etterkvart som det spirar.



På planterommet har eg fleire lysarmatur som heng i kjettingar som er festa i taket. Passe avstand frå lysrør til plantar er ca 30 cm. Etterkvart som dei veks er det enkelt å heve lyset så plantane ikkje vert svidd. Det er berre å balansere på ei gardintrapp og flytte kjettingen nokre hakk oppover.

Neste steg er prikling. Skal dei vekse seg store og sterke må dei få seg eiga potte med god jord. Eg priklar dei små spirane over i "plantejord med naturgjødsel," som det står på sekken. Etter alt arbeid og omsorg eg har lagt ned spandere eg skikkelig jord på småspirane.
Moralen er: Ikkje kjøp den billegaste jorda.






















Når eg priklar gjer eg det så enkelt at eg klemmer på potta for å løsne jordklumpen, tømer den ut og dreg spirane forsiktig frå kvarandre for ikkje å skade røtene. Før det har eg gjort klar nye potter med jord, lager eit passe hol og plasserer spiren ned i holet. Dytt dei forsiktig på plass med ein pinne ol. og sørg for at røtene er i god kontakt med jorda.



Når eg priklar held eg småspirane i frøblada for ikkje å skade stilken. Skadar du den er alt håp ute for den lille spiren. Frøblad er dei to første bladpara som kjem og ser annaleis ut enn dei blada som kjem seinare.


Når eg priklar dei om sett eg dei alltid djupare i den nye potta. Gjerne jord heilt opp til under frøblada. Sett pottene på eit brett og slå på vatn så jorda trekk det opp i krukka. Virkar jorda litt tørr sprayer eg på vatn for å fukte den.




Heretter vatnar eg KUN på brettet for å unngå rothalsrote og hærmygg. Hærmygg er noko dritt, då larvane et opp dei spinkle røtene. Dessverre er det sånn at larvane er i jord du kjøper, og det er ikkje mulig å oppdage dei før etter eit par veker eller så når små svarte fluger svirrer rundt i rommet. Når du vatnar nedanfrå vil røtene blir sterkare fordi dei må søke nedover etter vatn.
Ein vinn vinn situasjon med andre ord :-)
Får du først hærmygg er det nesten umulig å bli kvitt, men fortvil ikkje, held du angrepet i sjakk vil det gå bra likevel. Eg prøver å klaske dei ihjel noko som ikkje er så enkelt, men er god trim :-) Flugepapir funkar også!

Har fått mange spørsmål om kor ofte eg vatnar og svaret på det er når det trengs :-) Det finst ikkje noko fasitsvar fordi det kjem an på temperatur, størrelse på potter og kor godt utvikla rotsystemet er. Mitt beste tips er, løft opp potta og kjenn under, er den såvidt fuktig vatnar du ikkje sjølv om jorda er knusktørr på overflata. Undervatningsmatter er også kjekt å ha. Dei held på fuktigheita og eg kjenner på matta om det er på tide å vatne.


Slik ser mine matter ut og dei held som regel i eit par sesongar eller meir. For å vere på den sikre sida vasker eg dei godt før eg tek dei i bruk igjen så eg ikkje dreg med meg eventuell smitte. Gamle handdukar gjer også nytta.



Når plantane har fått fart på seg brukar eg å toppe dei. Det kan du lese om i denne bloggposten. Topping gjeld sommarblomstrar og ikkje om du sår staudar. Fleire tips finn du om du klikker på etiketten "tips" på høgre side.
Håper dette var til nytte, er det noko du lurer på så berre spør og eg skal svare etter beste evne.

Her finn du meg og hagepusen Frøya på facebook Kristins Hage&Drivhus og her på Instagram


fredag 1. april 2016

Sprøytefritt og kortreist!

Det er ikkje mykje som kan samanliknast med å kunne hauste grønsaker frå eigen hage. Spesielt når ein finn ut at det slett ikkje er så vanskeleg. Rett nok blir ikkje alt like vellykka, men det gjeld å fokusere på det ein får til.
Kvar vår startar eg like entusiastisk opp, og gløymt er bønnene som sniglane åt opp, og blomkål på størrelse med ein femkrone som så skaut i veret og blomstra. Gløymt er også salaten som aldri spirte og min første kvitløk som i beste fall var like stor som ei klinkekule. Den vart med andakt brukt til kvitløksmajones.

Her er skrytebilder frå fjorårets produksjon av grønsaker. Eg gler meg som ein unge til starte opp igjen i år. Berre sjå kor godt det ser ut, og smaken var endå betre. I tillegg er den prøytefri og kortreist!



























Her dyrkar eg ulike typar salat, løk, kvitløk, asparges, gulrøter, grønkål og diverse anna som eg ikkje kjem på i farta. Eg dyrkar kun i pallekarmar, veldig praktisk og så har eg betre kontroll på ugraset. Jorda vert også varmare så det spirar tidlegare. Når eg sår legg eg fiberduk over som gjer at jorda held på varmen og samstundes vernar den mot sniglar.



Sukkererter slår aldri feil. Det eg ikkje rekk å ete forveller eg og frys ned så har eg langt ut over vinteren.




Så langt, men ikkje lengre, dette er bønnene som sniglane gnafsa i seg. Eg har ein stor bestand med boasniglar i hagen og dei gjer liten skad på plantar og grønsaker, men bønner var visst snadder. Brunsniglar har eg sett nokre få av, men det er fleire år sidan eg sist såg dei sist. Kan vere at boasnigelen har jaga eller tatt knekken på dei?


























Luftløk til venstre, den har eg ikkje heilt lært korleis eg skal bruke så gode tips blir eg glad for.

Har du hage og plass til ein pallekarm eller to så er det berre å sette i gang. Smaken av heimedyrka og kortreist mat kan ikkje samanliknast med noko av det ein får kjøpt i butikken.

Her finn du meg og hagepusen Frøya på facebook: Kristins Hage&Drivhus og her på Instagram

Ta turen innom her: Moseplassen - sommerdrømmer



mandag 28. mars 2016

Ein ny vår

No har bloggen min fått seg ei skikkeleg vårreingjering med ny layout og nytt namn. Alt dette takka vere ei kjekk og totalt, for meg ukjent dame som tok kontakt via facebook. No har Rie Aleksandra rydda litt og samstundes fått meg i gang med blogging igjen.
Rie Aleksandra er no i ferd med å opprette bloggen Cicerone. Her finn du mange nyttige lenker til mellom anna hagestell, fermentering og matlaging. Vel verd eit besøk.

Ny språkdrakt vert det også då eg no prøvar på å blåse støvet av nynorsken.
Som sunnmøring ligg det meg meir naturleg å skrive nynorsk enn bokmål. Dessverre så har den blitt litt rusten med åra, så garva nynorskfolk vil nok finne ein og annan skrivefeil. Korriger meg gjerne - eg er ikkje hårsår :-)

Her hos meg er alt som vanleg på denne tida av året. Frø til spiring på kjøkenet, fullt på planterommet, og drivhuset byrjar å bli fullt det også.



 






















Cordyline har klart vinteren bra i drivhuset i vinter. Nokre tørre tuppar på blada, men det får heller våge seg. Tomatane er flytta ut, og er allereie byrja å blomstre. Sådde vel tidleg denne sesongen.

Sjøl om eg er langt framfor skjema så vil eg tru det er ei stund til eg får nyte smaken av desse.



Vil du sjå meir frå hagen min og korleis eg toppar chiliplantar kan du gå inn på facebooksida mi og legg deg gjerne til:

Kristins Hage&Drivhus eller på Instagram

Berre for å sagt det så var det gamle namnet på bloggen min "New Dawn: Min hageverden"





søndag 7. februar 2016

Såtid


Vinter ute, men på planterommet er våren i full gang. Dei første frøa kom i jorda allereie 30. november. Først ute var ulike sorter Chili.





Capsicum annuum L. 'Filius Blue' har flotte lilla frukter og dekorative mørke blad. Ikkje av dei sterkaste med sine 20 000 - 30 000 SHU






Tomatane blei sådd 02. januar og med god gjødsling har dei fått fart på seg.






Rhodochiton atrosanguineum eller blodbeger som den kallast på norsk er også på god veg. Her har eg sett fire plantar i kva potte så eg får lubne plantar. Med heile 40 spirar kan ein ta seg råd til det :-)




Enno er det god plass på planterommet, men om ikkje lenge må Dahlia, ulike stauder mm. priklast så eg vil tru at dei etterkvart vil bli trangt om plassen.

Om du vil så følg meg gjerne på Kristins Hage&Drivhus eller på Instagram



torsdag 19. mars 2015

X- faktor svart og grøn


Dei svarte og grøne blomstrane har så absolutt X-faktor, og er kanskje ekstra flotte fordi dei ikkje er så vanlege. Eg har etterkvart skaffa meg nokre i hagen, og er stadig på jakt etter fleire.

Valget denne gongen måtte bli "den sorte tulipan" her saman meg løytnantshjerte. Eg synes dei kler kvarandre :-)




Marikåpe - Alchemilla mollis egner seg bra som "hekk"







Alunrot - Heuchera er ein av mine favorittstaudar, og eg har dei i mange fargar. Denne heiter 
'Lime Marmelade'



Stemor.




Denne spesielle og vakre primulaen heiter Primula polyanthus elatior 'Gold Lace' 



Fleire bilder frå hagen min finn du på Kristins Hage&Drivhus