fredag 24. mars 2017

Litt om hærmygg

Like visst som eg leitar fram såpotter og jord for å starte sesongen dukkar (Sciaridae ssp) hærmyggen opp. Hærmygg eller sørgemygg som den også kallast, er ein ivrig krabat og til stor irritasjon der den svirrar rundt såpottene. Sjølve myggen gjer inga skade, men dei små kvite larvane som blir klekt i jorda livnærar seg på røtene til spirane, og i verste fall tek dei knekken på heile sådden.

(bildet lånt frå nettet)

Larvane til hærmyggen kjem med jorda, og er så små at ein ikkje legg merke til dei før den første myggen dukkar opp. Uansett kor eg prøvar så blir eg ikkje heilt kvitt dei, men eg klarar å halde dei på eit nivå både eg og småspirane fint kan leve med.




Metodar som eg har prøvd og som garantert ikkje hjelp

Rødvin og Zalo - mot hærmygg vil eg kalle denne metoden for alkoholmisbruk. Virker på bananfluger, men garantert ikkje på hærmygg. Det hjelp mykje betre å drikke den, dog utan Zalo.



Stikke fyrstikker i jorda - muleg at svovel kan vere effektivt, men då må det vere svovel i fyrstikker. Det er det ikkje, det er mange år sidan det vart produsert fyrstikker i Norge som inneheld svovel.

Metode som eg har prøvd og aldri prøvar igjen - men som kanskje hjelp

Vatne med ei blanding av vatn og litt salmiakk. Denne "vidunderkuren" tok livet av samtlige tomatplantar, fekk halvparten av blada på chiliane til å ramle av og resten av sådden gjekk i sjokk og nekta å vekse på 14 dagar. Myggen overlevde!
Kan vere eg gjorde noko feil, brukte 1ts på ein liter. På godt etablerte plantar er det sikker verd eit forsøk.

Metodar som eg ikkje har prøvd - men som visstnok skal fungere.

Strø eller vatne med maurmiddel. Dette stoffet har eg lita lyst til å strø på plantar som eg skal bruke til mat. Derfor uprøvd. Kan vere eg vil ty til det i "kampens hete" men då kun på blomster og ikkje på matplantar.

NemaFelt - nematoder som ein blandar ut i vatn. Dette er ferskvare og må brukast innan ei viss tid. Er å få kjøpt på Arctic Chili

Korleis eg gjer det.

Første bod for å halde hærmyggen i sjakk er passe på at jorda ikkje blir for våt. Eg vatnar frå undersida og let dei tørke godt ut mellom kvar vatning. Dette er også godt for røtene då dei vil søke nedover etter vatn og dermed blir sterkare.

Heng opp flugepapir som eg kjøpar på Jernia. Ikkje spesielt lekkert, men det er er med på å halde antallet nede.

Slå dei ihjel. Lite effektivt, men god trim!

Det vart kanskje ikkje så mange gode råd på korleis ein blir kvitt hærmygg, men ein del veldig gode råd på kva som ikkje hjelp :-) LYKKE TIL!


For fleire "gode" råd og tips, følg meg gjerne på Facebook og Instagram