tirsdag 20. desember 2016

Chili - fargerik, hot og godt!

I år tok det litt av med dyrking av chili. Kanskje ikkje når eg samaliknar meg med dei argaste fantastane, men no har eg chili så det held langt ut i det nye året.
Eg tenkte at neste sesong så skal eg begrense meg, men det det ser heller ut til at det går andre vegen. I tillegg til det eg dyrka forrige sesong har eg også planer om å prøve meg på nokre nye sortar.




Kjekt med drivhus når ein dyrkar chili. Sunnmørske somrar er ikkje det ideelle klimaet for denne varmeelskande frukta. I fjor starta eg å så allereie i slutten av november, men denne sesongen har eg planar om å så i romjula. Chili har lang utviklingstid.


Her har eg hausta inn ein del av chilien, men framleis er det mykje igjen i drivhuset. Styrken på desse chiliane kan ikkje samanliknast med den ein får kjøpt på dei lokale butikkane her i bygda.



























Her er Capsicum chinense 'Red Habanero', 'Chocolate Habanero' og 'Habalokia Yellow'


Capsicum annuum 'Red Long Slim Cayenne' og 'Orange Wonder'



I oktober er det slutt på sesonge, og eg haustar eg inn dei siste chiliane. Av avlinga lager eg krydder, marmelade som er kjempegodt på ost og kjeks, chiliolje og chilipaste. Chili kan også frysast.



Chilikrydder

















        Chilimarmelade, chiliolje og chilipaste

Har du lyst til å prøve deg på å dyrke chili, eller vil du prøve deg på nye sortar så har eg billege frø for sal. Det er 10 frø i kvar pakke, og om du ikkje sår alle denne sesongen så er det ikkje noko i vegen for at du kan spare resten til neste år. Berre oppbevar dei kjøleg.

HER finn du omtale og bilder av dei sortane eg har. 

Følg meg gjerne på Facebook og på Instagram



fredag 2. desember 2016

Korleis så staudar ute

Det å så sine eigne staudar er både billeg og slett ikkje så vanskeleg så mange vil tru. Det fins forskjellege måtar og gjere det på og her vil eg vise korleis ein stratifiserer (kuldebehandlar) staudar.




Fordelen med å sette staudane ut er mange, du slepp å ha planterom med ekstra lys, dei klarar seg som regel sjølv, ein slepp herding til utemiljø og plantane blir sterke og sunne. Som tommelfingerregel kan ein sei: Alle staudar kan ein kuldebehandle og nokre  ha kuldebehandling for at spireprossen skal starte.
Kuldebehandling betyr ikkje at frø må ha minusgrader, men at temperaturen er lav og vekslande.

Har du inga eller liten erfaring med å så? Ta turen innom  HER. Der finn du ei detaljert forklaring på korleis ein sår og priklar. Framgangsmåten er den same som om ein sår og driv dei opp inne eller ute.

Aller først, ein staude er ei plante som visnar ned om vinteren og kjem igjen år etter år. Det er berre eit fåtal staudar som vil blomstre første året dei blir sådde. Som regel blomstrar dei ikkje før andre året. Med nokre kan det også ta fleire år.

Dei fleste staudane vi har i Norge overlever vinteren ute, nokre så som Rhodochiton atrosanguineus - blodbeger og Verbena bonariensis må takast inn og overvintre frostfritt.

Eg sår som regel tidleg i januar. La jorda vere godt fuktig men ikkje kliss blaut. Pottene lar eg stå inne i eit par dagar så frøa får trekke vatn. Så sett eg sett dei ut på ein plass med god drenering. Eg sett pottene i kasser som tidlegare har vore brukt til sopp eller trådkorger er også godt egna. Legg noko under så dei kjem opp frå bakken. Over pottene legg eg ein duk (markduk) for at frøa ikkje skal bli skylt bort av ver og vind. La dei gjerne snø ned.

Når vårsola kjem er det på tide å lette på duken for å sjå etter tegn på liv. Om ein ikkje fjernar den tidsnok kan spirane bli lange og slengete på grunn av for lite lys og for høg temperatur under duken. Om det likevel skulle skje, så fortvil ikkje, dei vil som regel kome til hektane igjen.
No er det berre å fjerne duken og etter kvart som temperaturen stig og lyset kjem tilbake vil dei spire. Pass berre på så dei ikkje tørkar ut i vårsola. Er du plaga med sniglar så sørg for å få dei opp frå bakken, småspirar er yndlingsretten til sniglane.




Er du av den utolmodige typen kan du ta pottene inn for å fart på spiringa. Ulempen med det er at du då helst må kunne tilby dei ekstra lys og du må herde dei til utemiljøet. Herding er å bere planter inn og ut, passe på så dei ikkje frys ihjel og at dei ikkje blir solbrent. Då vil dei i beste fall blir sterkt tilbakesett eller i verste fall stryke med. Då staudar sjeldan blomstrar same året er det liten hensikt i å lage seg så mykje ekstra arbeid.
Skulle det ikkje spire i alle pottene så ikkje la dei gå i komposten. La dei berre stå ute til neste vår, det kan vere at dei berre treng litt meir tid på seg.

Vil du prøve deg på å så staudar finn du billege frø som eg har hausta frå eigen hage HER

Følg meg gjerne på Facebook og på Instagram