torsdag 22. september 2016

Kvitløk og luftløk til salgs

Dyrking av kvitløk er slett ikkje vanskeleg og berre det å vite at den er kortreist og kjem frå eigen hage gjer at den smakar betre. Eg har hausta inn småløk av to ulike sortar kvitløk, Estisk Rød og ein som eg ikkje har namnet på og som opprinneleg kjem frå Romania. Begge sortane er hardneck.
Her kan du lese meir om ulike kvitløksortar.

Eg har også nokre småløk av luftløk. Luftløk er fleirårig og både sjølve løken, småløkane og graset er etande. Graset kan brukast på same måten som ein brukar vårløk.



Frå eg for nokre år sidan var så heldig å få tak i 6 fedd er eg no sjølvforsynt med kvitløk heile året. Har ein først fått tak i god setteløk er det vel verd å ta godt vare på den, sjølv om det betyr at ein ikkje kan ete av den det første året. Kvar løk har ca 6 fedd, så året etter kunne eg hauste heile 36 kvitløk.

Kvitløk frå Romania


























Kvitløken frå Romania dannar små løk av ulik størrelse. Til neste år vil den enten bli til ein større løk utan fedd, eller er du heldig kan du få ein liten kvitløk som du kan dele opp i fedd. Tek du vare på første avling kan du hauste inn til eige bruk året etter. Settes om hausten.

Pris kr 25,- for 10 småløk (av ulik størrelse). Porto kjem i tillegg* TOMT



Estisk Rød


Estisk Rød har løk meir på størrelse som frø. Eg er usikker på kor store desse vil vekse seg i løpet av ein sesong, men vil tru at første året danner dei bladverk og så kan ein hauste året etter.
Bildet over viser klaser av fleire småløk/frø. Når dei kjem i posten er dei delt frå kvarandre. Settes om hausten.

Pris kr 20,- for 20 småløk/frø (av ulik størrelse) Porto kjem i tillegg*


Luftløk


Sånn ser luftløken ut på hausten. Her ser ein godt kvifor den har fått namnet luftløk. Stenglane vil etterkvart bøye seg ned så løkane kjem i kontakt med jorda.



Sånn ser sjølve løken ut etter at dei har stått i fleire år. Dei er på størrelse med sjarlottløk. Før om åra har eg berre hausta av bladverket, men no måtte dei delast. Nokre av dei skal tilbake i pallekarmen igjen, men dei fleste havner i gryta.



Luftløkane er litt større enn småløkane av den rumenske kvitløken og er også av ulik størrelse. Her i artikkelen "Luftløk - populær og hardfør" kan du lese meir om denne flotte grønsaken.

Pris kr 15,- for 5 småløk. Porto kjem i tillegg*

Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Har du problem med å sende PM kan det vere at du ikkje er liker av sida mi. Legg deg då til som følger eller legg igjen ein kommentar.

*Porto kjem an på kor stor pakken blir. 
Estisk Rød kr 15,- 
Luftløk kr 40,-


Vil du i same slengen kjøpe frø av diverse staudar kan du sjå her eller om du kjøpe frø av chili kan du gå inn her :-)


Du finn meg også på Instagram



tirsdag 13. september 2016

Frø til salgs

Eg har hausta ein del frø frå eigen hage som eg legg ut for salg. Alle er oppgitt med botaniske namn, så er du i tvil om korleis du skal så dei så finn du mange gode råd og tips på nettet.
Det er ikkje alle sortane eg har så mange frø av, så først til mølla.....

Pris kr 15,- pr pose. Porto på kr 15,- kjem i tillegg pr forsendelse.




















Kolkwitzia amabilis - fagerbusk.
Lettstelt og nøysom. Blomstrar overveldande i juni med rosa blomstrar. H4-5 Høgde 2-3 meter. Trives også i halvskygge. Overhengande og elegant vekst. Har du ikkje sådd busker eller tre før bør du prøve fagerbusk. Enkel å få til. Eg sådde dei inne om våren. Spiring etter 14 dager. Legg frøa i vatn i eitt døgn. Her finn du meir info.




Iris pseudacorus -  sverdlilje. 
Blomstrar i juni - juli. 120 cm



Iris sibirica. TOMT
Blomstrar i juni - juli. 120 cm høg.




Digitalis purpurea fargemiks. 

I fargeblandinga trur eg du vil du få flest lilla, nokre rosa, lys gul og kanskje der har lurt seg opp i ein og annan kvit :-) Revebjeller er to-årige, men frørsår seg så du vil ha den i årevis då den dukkar opp på alle mulege og umuleg plassar. Lett å luke bort der du ikkje vil ha dei.
Eit must i den romantiske bestemorshagen!

Ved bestilling, oppgi om du vil ha mix eller kvit.




Astrantia major kvit - stjerneskjerm. TOMT
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. Lys rosa/lilla med det same den blomstrar. Etter kvart blir den nærast kvit. H7-8









Aquilegia mix 
Akeleier i alle mulige fargar, enkle og fylte. Akeleier er notorisk utro så det er umulig å vite om dei blir lik morplanta. 
For å sjå kor mange flotte akeleier eg har frø av, må du klikke deg inn på innlegga Her og her og herså finn du mange forskjellige  Det kan også vere at det dukkar opp heilt andre kombinasjoner. Akeleier er aldri kjedelige å så! 

Blar du lengre ned på facebooksida mi finn du bilder der også!



Thalictrum aquilegifolium - akeleiefrøstjerne. TOMT
Vakker staude som svever over dei fleste andre plantane i bedet. 150 cm høg. 




























Podophyllum hexandrum himalayafotblad. TOMT
Vil du ha noko litt uvanleg er dette ei artig staude som ein ikkje ofte finn i handelen. Her er den i knopp. Seinare vil den opne seg, og på hausten får den store raude frukt fulle av frø. Trives i skygge. Her får du meir informasjon og såtips. Må stratifiseres (kuldebehandling) Blomstrar i mai - juni.





Stachys grandiflora - svinerot. TOMT
God gamal staude, men ikkje mindre flott av den grunn. Vi etterkvart danne ei stor tue. Blomstrar i juni - august, ca 50 cm høg.





Clematis alpina 'Ruby' - alpeklematis. TOMT
Vakker blomsterrig alpeklematis. Blomstrar om våren. Gruppe 1 klematis som ikkje treng beskjering.  Eg fleire av desse som klatrar på ei armeringsmatte for å skjerme for innsyn. Etter avblomstring pyntar frøstendene opp. Dei ser ut som grå dusker. H7.
Her finn du såtips.



























Lillium martagon - martagonlilje - krøllilje. TOMT
Flott lilje som hos meg blomstrar trufast kvart år. Liljer er dyre i innkjøp så ved å så dei sjølv kan du skaffe deg mange liljer gratis. Så dei i potter i januar, sett dei ut og til våren vil dei første spirane dukke opp. Enklare kan det ikkje gjerast!




Hemerocallis lilioasphodelus - gul daglilje. TOMT
God gamal og nøysom staude. Juni - juli. Omlag 80 cm høg. Her finn du tips til korleis så dagliljer.




Verbena bonariensis - kjempeverbena. TOMT

Nydeleg staude som vaier elegant over dei andre staudane i bedet. Trives også god i potter. Blomstrar til frosten kjem. Ca 150 cm høg. Må overvintre frostfritt! Ein av mine favorittar. For fleire bilder sjå her





Rhodochiton atrosanguineus - blodbeger
Er det ei plante eg berre MÅ ha så er det blodbeger. Bør sås tidleg på året skal den rekke å blomstre i løpet av sommaren. Blomstra til frosten kjem. Må overvintre frostfritt.




Echinops ritro - kuletistel TOMT
Juli - september. Omlag 100 cm høg. Flott staude som tiltrekk seg humler og sommerfuglar. Dei blå kulene er veldig dekorative i staudebedet.




Leontopodium alpinum - edelweiss TOMT
Juni - august. Omlag 10 - 20 cm høg. Alpeplante som er herdig i heile Norge. Her finn du meir info. Flott i samplanting med bla Heuchera (alunrot) Held seg fin heil sesongen.





Allium cernuum - prærieløk TOMT
Flott blomsterrik allium. Kjem trufast igjen år etter år. Ein av mine favorittar. Blomstrar frå juni - september. Omlag 30 - 40 cm høg. H 4-5. Danner etterkvart store tuer. Såtips finn du her her








Levisticum officinale - løpstikke - kjærlighetsurt. TOMT
Fleirårig urt som kan bli 1 - 2 meter høg. Kraftig smak, kan brukast i staden for buljong. Eit must i kjøkkenhagen. For meir info sjå her





Lychnis coronaria - fløyelstjæreblomst TOMT
Flott to-årig staude som frøsår seg sjølv i hagen. Enkel å luke bort. Første året dannar den ein rosett og blomstrar året etter. Flott sølvgrått bladverk som er flott i samplanting med andre staudar. Blomstrar juni - september. Omlag 70 - 80 cm høg.




Hosta 'War Paint' TOMT
Hosta er ikkje frøekte så det er usikkert kor likt avkomet vil bli morplanta. H7-8






Capsicum annuum 'King of the North' TOMT
Flott paprika for nordiske forhold med kort sesong.


 Her kan du kjøpe frø av ulike chili om du er glad i sterk mat :-)

Er du interessert så gå inn på Drivhus Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Har du problem med å send PM kan grunnen vere at du ikkje er liker av sida mi. Legg deg då til som følger eller legg igjen ein kommentar.

Du finn meg også på Instagram


Her finn du flotte hagegrupper som er verd å ta ein tur innom:
Hageglade på facebook
og
Hagegal
og om du vil kjøpe eller selge frø
Frø kjøpes, selges, gis bort og vises frem



søndag 11. september 2016

Chilifrø til salgs.

Er du glad i chili er det ingenting i vegen for at du kan dyrke den sjølv. Chili har lang utviklingstid så den må såast allereie i januar. Når ein sår så tidleg må du ha ekstra lys for å få sterke og sunne plantar.
Chili er også varmekjære plantar så dei vil nok trivst best i vindusposten eller i eit drivhus. Bor du sør i landet kan kanskje ein varm solvegg også fungere. Eg bor på Sunnmøre, så mine chili har eg i drivhuset.

Alle frø er hausta frå eigne plantar og alle eg har sådd av eigne frø har vist seg å vere frøekte, men eg garanterer ingenting. Data oppgitt på dei ulike sortane når det gjeld avling er eiga erfaring. Styrke har eg funne hos leverandør der det er oppgitt.

Poser på 10 frø kr 15,- porto på kr 15 kjem i tillegg pr forsendelse.



Eg var veldig heldig med chilien i år. Den var også gjødsla etter alle kunsten regler då eg kjøpte ein oppstartspakke hos Arctic Chili.



Capsicum annuum 'Orange Wonder', middels store frukter og stor avling. Slett ikkje sterk :-)



Capsicum annuum 'Filius Blue', små frukt med stor avling. Flott plante med mørke blad. Styrke oppgitt til 20 000 - 30 000 SHU



Capsicum chinense 'Chocolate Habanero' store frukt, middels avling. Eg fekk 47 stk på ei plante i 10 liters potte. Styrke oppgitt til 425 000 SHU



Capsicum chinense 'Habalokia Yellow' store frukt, med stor avling, eg fekk 100 på ei plante i 10 liters potte. Styrke ukjent, men sterk!! Tipper ca 400 000 - 500 000 SHU TOMT





Capsicum chinense 'Red Habanero' stor frukt, stor avling. Ei plante i 10 liters potte gav 83 chili. Styrke ikkje oppgitt, men over middels sterk. TOMT



Capsicum chinense 'White Habanero' små frukt, middels avling. Styrke oppgitt til 300 000 SHU



Capsicum annuum 'Red Long Slim Cayenne' den første som gir modne chili, store frukt og stor avling. Styrke oppgitt til 30 000 - 50 000 SHU TOMT



Capsicum chinense 'Chocolate Bhutlah', store frukt, middels avling. Styrke ikkje oppgitt, men sterk.



Er du interessert så send meg PM på Kristins Hage&Drivhus. Er du interessert i blomsterfrø kan du gå inn her. 


Du finn meg også på Instagram