søndag 26. juni 2016

Stiklinger av roser - lettare enn ein trur

Då har eg prøvd meg på noko eg ikkje kan, nemleg å ta stiklingar av roser. Eg var litt sein med å beskjere to av rosen som eg har, og då dei hadde komt godt i gang med spiringa syntes eg det var for gale å kaste alle dei fine stiklingane.



Heldigvis så googla eg ikkje korleis det skulle gjerast før etterpå for då hadde eg nok mista motet, det såg veldig avansert ut :-) Eg berre klipte og stakk dei langs pottekanten og plasserte dei i drivhuset. Med ein spireprosent på 80 så vart resultatet slett ikkje så verst.


Rosene eg prøvde meg på var 'New Dawn' og 'Lykkefund'. Lykkefund skulle vere den som var lettast å få til (las eg etterpå) men det viste eg at alle stiklingane av 'New Dawn' klarte seg i motsetnad til 'Lykkefund'




Eg hadde små forventningar til korleis dett ville gå, men etter 5 veker hadde dei fått flotte røter som stakk ut av hola under potta. No har eg potta dei om og eg burde nok også klippe dei så dei får ein buskete vekst. Litt usikker på når eg skal gjere det, men tenker det kanskje er lurt å vente ei stund.



No står dei i drivhuset og godgjer seg og det er berre å håpe på at dei vekse seg store og flotte etterkvart. Roser av av stiklingar er i motstnad til dei aller fleste rosene ein kjøpar rotekte, det vil sei at dei ikkje er poda på ei rot frå ei anna rose. 
Korleis dei vil klare seg ute gjennom ei vinter, og om dei kjem med rotskot er eg usikker på, men det kan ein sikkert lese seg til.



Vil du sjå daglege oppdateringer frå hagen min finn du meg på facebook Kristins Hage&Drivhus og på Instagram