torsdag 22. september 2016

Kvitløk og luftløk til salgs 2017

Dyrking av kvitløk er slett ikkje vanskeleg og berre det å vite at den er kortreist og kjem frå eigen hage gjer at den smakar betre. Eg har hausta inn bulbiller/frø av 4 ulike sortar kvitløk, Estisk Rød, kvitløk frå Romania, Pskem og ein sort frå Russland, også kjent som kvitløken frå fengselet i Valdres.  Her på bloggen Datsja kan du lese den fantastiske historia om den Russiske kvitløken. Alle sortane er hardneck.
Her kan du lese meir om ulike kvitløksortar.

Eg har også nokre småløk av luftløk. Luftløk er fleirårig og både sjølve løken, småløkane og graset er etande. Graset kan brukast på same måten som ein brukar vårløk.



Frå eg for nokre år sidan var så heldig å få tak i 6 fedd er eg no sjølvforsynt med kvitløk heile året. Har ein først fått tak i god setteløk er det vel verd å ta godt vare på den, sjølv om det betyr at ein ikkje kan ete av den det første året. Kvar løk har ca 6 fedd, så året etter kunne eg hauste heile 36 kvitløk.

Kvitløk frå Romania




Kvitløken frå Romania dannar små løk av ulik størrelse. Til neste år vil den enten bli til ein større løk utan fedd, eller er du heldig kan du få ein liten kvitløk som du kan dele opp i fedd. Tek du vare på første avling kan du hauste inn til eige bruk året etter.

Pris kr 20,- for 10 småløk (av ulik størrelse). Porto kjem i tillegg*


Frå venstre russisk, Estisk Rød og rumensk kvitløk.

Estisk Rød og den russiske har løk meir på størrelse som frø. Eg er usikker på kor store desse vil vekse seg i løpet av ein sesong, men vil tru at det tek 2-3 år før dei danner fedd.






















Frø av Estisk Rød og russisk kvitløk. Pskem har same storleik som desse.

Pris kr 20,- for 20 småløk/frø (av ulik storleik) Porto kjem i tillegg*

Luftløk





Sånn ser luftløken ut på hausten. Her ser ein godt kvifor den har fått namnet luftløk. Stenglane vil etterkvart bøye seg ned så løkane kjem i kontakt med jorda.



Sånn ser sjølve løken ut etter at dei har stått i fleire år. Dei er på størrelse med sjarlottløk. Før om åra har eg berre hausta av bladverket, men no måtte dei delast. Nokre av dei skal tilbake i pallekarmen igjen, men dei fleste havner i gryta.



Luftløkane er litt større enn småløkane av den rumenske kvitløken og er også av ulik størrelse. Her i artikkelen "Luftløk - populær og hardfør" kan du lese meir om denne flotte grønsaken.


Pris kr 20,- for 5 småløk. Porto kjem i tillegg*

                  Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM.

*Porto kjem an på kor stor pakken blir. 
Kvitløk kr 15,- 
Luftløk kr 48,-

Har også en del anna for sal

Staudar, klematis, litt grønsaker og urter NB endre lenke!!!!


Du finn meg også på Instagram



9 kommentarer:

  1. Hei, eg vil veldig gjerne kjøpe ein pakke av kvar sort kvitlauk.
    Else Tømmerbakke
    Amfjell
    6969 Straumsnes

    SvarSlett
  2. Hei! Jeg vil gjerne kjøpe en pakke av hver sort av hvitløken. Bor på Stave, så jeg kan komme innom å hente. Mvh Trine Berg-Gerashchenko

    SvarSlett
    Svar
    1. Den er grei, men kan du sende meg ein PM på facebooksida mi Kristins Hage&Drivhus

      Slett
  3. Så flink du er som dyrker dissse løkene sjøl. det har æ aldri prøvd å gjøre :)

    Ha ei fin uke videre og lykke til med dyrkinga og salget :)

    Lisbeth :O)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha. Det er ikkje så vanskelig å dyrke kvitløk :-)

      Slett
  4. Hei!
    Har du fortsatt disse løkene til salgs?

    Undrer Ingrid
    irosenkvist@hotmail.com

    SvarSlett
  5. Ja. Luftløk og 3 sortar kvitløk, men dei er ikkje klare for sending enno. Gå inn på facebookside mi Kristins Hage&Drivhus og send meg ein om så sett eg deg på lista.

    SvarSlett
  6. Hei, har du noen luftløk til salgs?

    SvarSlett