tirsdag 13. september 2016

Frø til sals hausten 2017

Her er bilder av ein del av det eg har for sal. Fleire bilder kjem etter kvart. Frøa er hausta frå eigen hage og tørka og rensa etter beste evne :-) Alle er oppgitt med botaniske namn, så er du i tvil om korleis du skal så dei så finn du mange gode råd og tips på nettet. Nokre tips har eg lagt ut lenke til. 

Korleis du legg inn bestilling finn du nederst i innlegget. Det er ikkje alle sortane eg har så mange frø av, så først til mølla :-)

Frøliste over alt eg har finn du i nederst på sida.

Pris kr 15,- pr pose. Porto på kr 15,- kjem i tillegg pr forsendelse.




Pulsatilla vulgaris - Kubjelle
Flott staude som er ein av dei første som blomstrar om våren. Omlag 20 cm høg. Blomstrar i april - mai


Scabiosa japonica var alpina - Skabiosa
Søt lita staude som etterkvart dannar små tuer. Blomstrar frå juli til oktober. Omlag 15 cm høg.



Aconitum septentrion 'Ivorine' - Hjelm
Blomstrar frå juni til august. Omlag 50 cm høg. For deg som er glad i kvite staudar :-)


Agastache rugosa, Koreansk Anisisop
Blomstrar frå juni til september. God duft. Omlag 80 - 90 cm høg.



Eryngium bourgatii - Pyrenestikle
Stikler er flotte staudar som eg får meir og meir sansen for. Den blå blomstra svevar på lange tynne blå stenglar over dei fleste andre staudane i bedet. Blomstrar lenge, frå juli til slutten av september. Omlag 120 cm høg.




Eryngium planum 'Blue Glitter'
Blomstrar lenge, frå juli til langt ut i september. 90 cm høg




Eryngium planum 'White Glitter' - Stikle
Blomstrar i juli - september. 90 cm høg.



Armeria hybrida - Fjørekoll
Flott staude som også passer i steinbed. Dannar etterkvar små tette tuer. Omlag 40 - 50 cm høg. Blomstrar frå juli til oktober.



Allium vineale 'Hair' Strandløk
Flott løkplante som frørsår seg sjølv om du ikkje tar bort frøstandane etter blomstring. Her får den så seg fritt :-) Blomstrar mai - juni. Omlag 50 cm høg.



Diantus barbatus nigrescens 'Sooty' - busknellik
Lekker nellik som blomstrar i juli - august. Omlag 40 cm høg. "-årig, men oppfører seg som ei staude då den her hos meg blomstrar kvar år.







Primula polyanthus mix
Ingen vår utan Primula. Blomstrar frå februar/mars til langt ut i juni. Kan også kome med eit lite blomsterflor seint på hausten. Her hos meg også i desember. Frømiks av desse som er avbilda samt lilla og mørk gul.




















Hebe topiaria
Nydeleg liten vintergrøn busk som blir omlag 20 - 30 cm høg. Blomstrar i juni - juli. Usikker på kor herdig den her. Denne har eg hatt sidan 2009 H3



Trollius ircuticus - Sibirballblom
Litt annaleis ballblom med opne blomstrar. Lekker gul/orange farge. Blomstrar i juni - juli. Omlag 70 cm høg. H 6-7




















Kolkwitzia amabilis - fagerbusk.
Lettstelt og nøysom. Blomstrar overveldande i juni med rosa blomstrar. H4-5 Høgde 2-3 meter. Trives også i halvskygge. Overhengande og elegant vekst. Har du ikkje sådd busker eller tre før bør du prøve fagerbusk. Enkel å få til. Eg sådde dei inne om våren. Spiring etter 14 dager. Legg frøa i vatn i eitt døgn. Her finn du meir info.




Iris pseudacorus -  sverdlilje. 
Blomstrar i juni - juli. 120 cm



Iris sibirica. 
Blomstrar i juni - juli. 120 cm høg.



Iris lilla 
Lekker lilla Iris. Omlag 150 cm høg. Blomstrar i juni - juli.




Knautia macedonica 'Crimson Scabious'
Blomstrar frå juni til september. 60 - 70 cm høg. Ein staude som ofte får besøk av humler.




Digitalis purpurea lilla.
Revebjeller er to-årige, men frørsår seg så du vil ha den i årevis. Lett å luke bort der du ikkje vil ha dei. Eit must i den romantiske bestemorshagen!



Digitalis purpurea kvit


Astrantia major rosa - stjerneskjerm. 
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. Lys rosa/lilla med det same den blomstrar. Lekker staude som har blitt ein av mine favorittar. H7-8



Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - tjæreblom
Eit blikkfang i bedet. Skarp rosa farge. Blomstrar i mai - juli. Omlag 40 cm høg.




Aquilegia mix 
Akeleier i alle mulige fargar, enkle og fylte. Akeleier er notorisk utro så det er umulig å vite om dei blir lik morplanta. 
For å sjå kor mange flotte akeleier eg har frø av, må du klikke deg inn på innlegga Her og her og herså finn du mange forskjellige  Det kan også vere at det dukkar opp heilt andre kombinasjoner. Akeleier er aldri kjedelige å så! 

Blar du lengre ned på facebooksida mi finn du bilder der også!


Thalictrum aquilegifolium '- akeleiefrøstjerne.
Vakker staude som svever over dei fleste andre plantane i bedet. 150 cm høg. 



Thalictrum aquilegifolium 'Alba'- akeleiefrøstjerne.
Den er minst like vakker i kvitt :-)



























Podophyllum hexandrum himalayafotblad. 
Vil du ha noko litt uvanleg er dette ei artig staude som ein ikkje ofte finn i handelen. Her er den i knopp. Seinare vil den opne seg, og på hausten får den store raude frukt fulle av frø. Trives i skygge. Her får du meir informasjon og såtips. Må stratifiseres (kuldebehandling) Blomstrar i mai - juni. Enkel å så.



Stachys grandiflora - prydsvinerot. 
God gamal staude, men ikkje mindre flott av den grunn. Vi etterkvart danne ei stor tue. Blomstrar i juni - august, ca 50 cm høg.




Clematis alpina 'Ruby' - alpeklematis. 
Vakker blomsterrik alpeklematis. Blomstrar om våren. Gruppe 1 klematis som ikkje treng beskjering.  Eg fleire av desse som klatrar på ei armeringsmatte for å skjerme for innsyn. Etter avblomstring pyntar frøstendene opp. Dei ser ut som grå dusker. H7.
Her finn du såtips.



Clematis alpina - blå alpeklematis. 
Blomstrar tidleg vår. H7




Clematis macropetala 'Large Hybrids'
Flott klematis som eg har sådd sjølv. Slett ikkje vanskeleg å få til å spire. Eg sådde den inne, spirte etter 3 veker. Kan nok også stratifiserast. Blomstrar på våren. Eg er usikker på om den er frøekte, men av dei eg sådde vart dei fleste kvit og ein vart blå.



Hemerocallis lilioasphodelus - gul daglilje.
God gamal og nøysom staude. Juni - juli. Omlag 80 cm høg. Her finn du tips til korleis så dagliljer.



Verbena bonariensis - kjempeverbena.
Nydeleg staude som vaier elegant over dei andre staudane i bedet. Trives også god i potter. Blomstrar til frosten kjem. Ca 150 cm høg. Må overvintre frostfritt! Ein av mine favorittar. For fleire bilder sjå her





Rhodochiton atrosanguineus - blodbeger
Er det ei plante eg berre MÅ ha så er det blodbeger. Bør sås tidleg på året skal den rekke å blomstre i løpet av sommaren. Blomstra til frosten kjem. Må overvintre frostfritt. Her ser du korleis eg sår blodbeger



Echinops ritro - kuletiste
Juli - september. Omlag 100 cm høg. Flott staude og ein humle- og sommerfuglmagnet. Dei blå kulene er veldig dekorative i staudebedet.


Echinops ritro - kvit kuletiste.
Kvit variant av kuletistel. Ikkje så lett å oppdrive i handelen då eg har vore på leiting etter denne lenge utan å lukkast.



Leontopodium alpinum - edelweiss TOMT
Juni - august. Omlag 10 - 20 cm høg. Alpeplante som er herdig i heile Norge. Her finn du meir info. Flott i samplanting med bla Heuchera (alunrot) Held seg fin heil sesongen.



Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster
Den vakraste av søstrene og min absolutte favoritt. Nydeleg lilla farge, blomstrar i juni - juli. Omlag 90 cm høg.


Papaver orientale 'Coral Reef'
Lekker rosa orientvalmue. Blomstrar i juni - juli. Omlag 80 cm høg



Papaver lateritium 'Flore Plena'
Søt liten valmue som blomstrar lenge. Frå juni til langt ut i oktober. Frørsår seg ein del, men er enkel å luke. 40 - 50 cm høg.




Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom
Blomstrar i mai - juni. Omlag 30 - 50 cm høg. Danner etterkvart store tuer som med fordel kan delast. Ein fargeklatt i bedet.



Allium cernuum - prærieløk.
Flott blomsterrik allium. Kjem trufast igjen år etter år. Ein av mine favorittar. Blomstrar frå juni - september. Omlag 30 - 40 cm høg. H 4-5. Danner etterkvart store tuer. Såtips finn du her her




Levisticum officinale - løpstikke - kjærlighetsurt.
Fleirårig urt som kan bli 1 - 2 meter høg. Kraftig smak, kan brukast i staden for buljong. Eit must i kjøkkenhagen. For meir info sjå her




Lychnis coronaria - fløyelstjæreblomst.
Flott to-årig staude som frøsår seg sjølv i hagen. Enkel å luke bort. Første året dannar den ein rosett og blomstrar året etter. Flott sølvgrått bladverk som er lekkert i samplanting med andre staudar. Mest vanleg i rosa, men den kvite varianten er minst likke flott. Blomstrar juni - september. Omlag 70 - 80 cm høg.


Hosta mix
Hosta er ikkje frøekte. Dei fleste plantane vil bli grøne, men ein og annan skatt vil dukke opp. Kanskje ein heilt ny variant som du kan kalle opp att etter deg sjølv :-)
H7-8


Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' - ridderspore
Lekker ridderspore som blir omlag 150 cm høg. Blomstrar i juli - august. H7. Eg er usikker på kor frøekte dei ulike riddersporane er, men eg trur ikkje dei vil bli så ulik morplanta.



Delphinium mix- ridderspore TOMT
Miks i ulike blåfargar.



Delphinium elatum 'Misty Mauve'


Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Om du ikkje er det frå før så blir eg glad om du legg deg deg til som "liker", :-)

Her viser eg korleis eg sår staudar. Det meste av frøa eg sel kan såast på denne måten.

Her er dei tomat og chilifrøa eg har

og

Her finn du kva slag kvitløksfrø eg har til sals


Frøliste
Dei som er merka med raudt er det tomt for.
-->

-->
DIVERSE FRØ AV STAUDAR, KLEMATIS OG BUSKER ANT FRØ PRIS
Aconitum septentrion 'Ivorine' - Hjelm 10 15,-
Agastache rugosa - Koreansk anisisop 50 15,-
Allium cernuum - Prærieløk 20 15,-
Allium vinale 'Hair' - Strandløk 6 15,-
Aquilegia 'Heidi' - Akeleie 50 15,-
Aquilegia mix Akeleie 100 15,-
Armeria hybrida - Fjørkoll 50 15,-
Astrantia major  - Stjerneskjerm 30 15,-
Centaurea montana - Honningknoppurt 30 15,-
Clematis alpina - Alpeklematis 20 15,-
Clematis macropetala 'Large Hybrids' - Klematis 20 15,-
Clematis 'Ruby' - Alpeklematis 20 15,-
Delphinium elatum 'Misty Mauve' - Ridderspore 20 15,-
Delphinium mix - Ridderspore TOMT 20 15,-
Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' - Ridderspore 20 15,-
Dianthus barbatus nigrescens 'Sooty' - Busknellik 50 15,-
Digitalis purpurea kvit - Revebjelle 100 15,-
Digitalis purpurea lilla - Revebjelle 100 15,-
Echinops ritro blå - Kuletistel  15 15,-
Echinops ritro kvit - Kuletistel  15 15,-
Eryngium bourgatii - Pyrenestikle 30 15,-
Eryngium planum ´Blue Glitter´ - Stikle 30 15,-
Eryngium planum 'White Glitter’ - Stikle 30 15,-
Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom 50 15,-
Hebe topiaria 50 15,-
Hemerocallis lilioasphodelus - Daglilje 10 15,-
Hosta mix 15 15,-
Iris lilla 10 15,-
Iris pseudacorus - Sverdlilje 10 15,-
Iris sibirica - sibiriris 10 15,-
Knautia macedonica 'Crimson Scabious' - Makedoniarødknapp 15 15,-
Kolkwitzia amabilis - Fagerbusk  7 15,-
Lathyrus latifolius - Breiskolm blomsterert staude 10 15,-
Leontopodium alpinum - Edelweiss TOMT 15,-
Lunaria annua - Judaspenge 10 15,-
Lychnis coronaria kvit - Fløyelstjæreblomst 100 15,-
Lychnis coronaria rosa - Fløyelstjæreblomst 100 15,-
Lythrum salicaria 'Rosy Gem' Strandkatthale 50 15,-
Meconopsis betonicifolia - Blå Valmuesøster TOMT 50 15,-
Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster 50 15,-
Monarda didyma - Hestemynte lilla 30 15,-
Monarda didyma 'Cambrigde Scarlet' Hestemynte 30 15,-
Papaver lateritium 'Flore Plena' - Valmue 100 15,-
Papaver orientale 'Coral Reef' - Valmue 50 15,-
Papaver orientale 'Nana Allegro' - Valmue 50 15,-
Podophyllym hexandrum - Himalayafotblad 5 15,-
Primula polyanthus mix - Primula 30 15,-
Pulsatilla vulgaris - Kubjelle 20 15,-
Rhodochiton atrosanguineum - Blodbeger 30 15,-
Saxifraga x arendsii-hybrid - Hagesildre 100 15,-
Scabiosa japonica var. alpina - Skabiosa 20 15,-
Stachys grandiflora - Prydsvinerot 15 15,-
Thalictrum aquilegifolium 'Alba' - Akeleiefrøstjerne 25 15,-
Thalictrum aquilegifolium lilla - Akeleiefrøstjerne 25 15,-
Trollius ircuticus - Sibirballblom 30 15,-
Verbena bonariensis 'Buena' - Kjempeverbena 50 15,-
Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - Tjæreblom 100 15,-
CHILI OG TOMAT ANT FRØ
Capsicum annuum 'Black&Red' 6 15,-
Capsicum annuum 'Pimientos de Padron' 6 15,-
Capsicum baccatum 'Lemon Drop' 6 15,-
Capsicum chinense 'Carolina Reaper' 6 15,-
Capsicum chinense 'Chocolate Habanero' 6 15,-
Capsicum chinense 'Habalocia Yellow' 6 15,-
Capsicum chinense 'Red Habanero' 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Black Prince' 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Grushovka' 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Hundreds & Thousands’ 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Millefleur' 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Monymaker' 6 15,-
GRØNSAKER OG URTER
Allium × proliferum - Luftløk TOMT 5 15,-
Allium cepa - Vårløk 20 15,-
Allium tuberosum - Kinesisk grasløk 20 15,-
Anthriscus cerefolium - Kjørvel 50 15,-
Brassica oleracea 'Scarlet' - Raud Grønkål 50 15,-
Brassica rapa var. japonica - Mizunakål 50 15,-
Forniculum vulgare - Villfennikel 20 15,-
Levisticum officinale - Løpstikke 30 15,-
Kvitløk Estisk Rød 20 20,-
Kvitløk frå Romania 10 20,-
Kvitløk frå Russland TOMT 20 20,-

Følg meg gjerne på Kristins Hage&Drivhus


Du finn meg også på Instagram



Her finn du flotte hagegrupper som er verd å ta ein tur innom:
og

om du vil kjøpe eller selge frø
og



2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett