torsdag 22. september 2016

Kvitløk og luftløk til salgs 2017

Dyrking av kvitløk er slett ikkje vanskeleg og berre det å vite at den er kortreist og kjem frå eigen hage gjer at den smakar betre. Eg har hausta inn bulbiller/frø av 4 ulike sortar kvitløk, Estisk Rød, kvitløk frå Romania, Pskem og ein sort frå Russland, også kjent som kvitløken frå fengselet i Valdres.  Her på bloggen Datsja kan du lese den fantastiske historia om den Russiske kvitløken. Alle sortane er hardneck.
Her kan du lese meir om ulike kvitløksortar.

Eg har også nokre småløk av luftløk. Luftløk er fleirårig og både sjølve løken, småløkane og graset er etande. Graset kan brukast på same måten som ein brukar vårløk.



Frå eg for nokre år sidan var så heldig å få tak i 6 fedd er eg no sjølvforsynt med kvitløk heile året. Har ein først fått tak i god setteløk er det vel verd å ta godt vare på den, sjølv om det betyr at ein ikkje kan ete av den det første året. Kvar løk har ca 6 fedd, så året etter kunne eg hauste heile 36 kvitløk.

Kvitløk frå Romania




Kvitløken frå Romania dannar små løk av ulik størrelse. Til neste år vil den enten bli til ein større løk utan fedd, eller er du heldig kan du få ein liten kvitløk som du kan dele opp i fedd. Tek du vare på første avling kan du hauste inn til eige bruk året etter.

Pris kr 20,- for 10 småløk (av ulik størrelse). Porto kjem i tillegg*


Frå venstre russisk, Estisk Rød og rumensk kvitløk.

Estisk Rød og den russiske har løk meir på størrelse som frø. Eg er usikker på kor store desse vil vekse seg i løpet av ein sesong, men vil tru at det tek 2-3 år før dei danner fedd.






















Frø av Estisk Rød og russisk kvitløk. Pskem har same storleik som desse.

Pris kr 20,- for 20 småløk/frø (av ulik storleik) Porto kjem i tillegg*

Luftløk





Sånn ser luftløken ut på hausten. Her ser ein godt kvifor den har fått namnet luftløk. Stenglane vil etterkvart bøye seg ned så løkane kjem i kontakt med jorda.



Sånn ser sjølve løken ut etter at dei har stått i fleire år. Dei er på størrelse med sjarlottløk. Før om åra har eg berre hausta av bladverket, men no måtte dei delast. Nokre av dei skal tilbake i pallekarmen igjen, men dei fleste havner i gryta.



Luftløkane er litt større enn småløkane av den rumenske kvitløken og er også av ulik størrelse. Her i artikkelen "Luftløk - populær og hardfør" kan du lese meir om denne flotte grønsaken.


Pris kr 20,- for 5 småløk. Porto kjem i tillegg*

                  Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM.

*Porto kjem an på kor stor pakken blir. 
Kvitløk kr 15,- 
Luftløk kr 48,-

Har også en del anna for sal

Staudar, klematis, litt grønsaker og urter NB endre lenke!!!!


Du finn meg også på Instagram



tirsdag 13. september 2016

Frø til sals hausten 2017

Her er bilder av ein del av det eg har for sal. Frøa er hausta frå eigen hage og tørka og rensa etter beste evne :-) Alle er oppgitt med botaniske namn, så er du i tvil om korleis du skal så dei så finn du mange gode råd og tips på nettet. Nokre tips har eg lagt ut lenke til. 

Korleis du legg inn bestilling finn du nederst i innlegget. Det er ikkje alle sortane eg har så mange frø av, så først til mølla :-)

Frøliste over alt eg har finn du i nederst på sida.

Pris kr 15,- pr pose. Porto på kr 15,- kjem i tillegg pr forsendelse.

Porto inntil 20 gr = 15-20 poser.




Saxifraga x arendsii-hybrid - Hagesildre
Søt lita staude som blomstrar i mai - juni. Dannar tette tuer og blir omlag 20 cm høg. H6-7



Lythrum salicaria 'Rosy Gem' - Strandkatthale TOMT
Flott rosalilla staude. Blomstrar i juli - august. Omlag 80 - 90 cm høg. Lettstelt og salttolerant. H6





Monarda didyma 'Cambrigde Scarlet' Hestemynte
Blomstrar frå juli - september. Omlag 80 cm høg. Hestemynte er ein skikkeleg humlemagnet. Blada kan brukast til te og blomster og blad i salat. Fin å samplante i grønsakhagen, særleg saman med tomat. Skal visstnok heve smaken på tomatar. salat.og blomstrane er etande. H6



Monarda didyma lilla hestemynte. TOMT
Nydeleg lilla farge. Denne blomstrar litt seinare enn den raude. Duftar nydeleg og er omsverma av humler til langt ut på hausten. Blomstrar ofte til frosten kjem. Kan også brukast til te og salat. H6



Centaurea montana - Honningknoppurt
Nøysom staude som blomstrar i juni - august. Omlag 70 cm høg. Kutter du den ned etter første blomstring vil den mest sannsynleg blomstre også seinare på sommaren. Har pryda norske hager sidan 1800-talet. Vakker blå farge og duftar godt. Godt likt av humlene. H8





Pulsatilla vulgaris - Kubjelle TOMT
Flott staude som er ein av dei første som blomstrar om våren. Omlag 20 cm høg. Blomstrar i april - mai. H7


Scabiosa japonica var alpina - Skabiosa TOMT
Søt lita staude som etterkvart dannar små tuer. Blomstrar frå juli til oktober. Omlag 15 cm høg. Godt likt av humler og bier.



Aconitum septentrion 'Ivorine' - Hjelm TOMT
Blomstrar frå juni til august. Omlag 50 cm høg. For deg som er glad i kvite staudar :-) Godt likt av humlene. H8


Agastache rugosa, Koreansk Anisisop
Blomstrar frå juni til september. God duft og stor humlemagnet. Omlag 80 - 90 cm høg. H5



Eryngium bourgatii - Pyrenestikle TOMT
Stikler er flotte staudar som eg får meir og meir sansen for. Den blå blomstra svevar på lange tynne blå stenglar over dei fleste andre staudane i bedet. Blomstrar lenge, frå juli til slutten av september. Omlag 120 cm høg.




Eryngium planum 'Blue Glitter' TOMT
Blomstrar lenge, frå juli til langt ut i september. 90 cm høg




Eryngium planum 'White Glitter' - Stikle TOMT
Blomstrar i juli - september. 90 cm høg.



Armeria hybrida - Fjørekoll
Flott staude som også passer i steinbed. Dannar etterkvar små tette tuer. Omlag 40 - 50 cm høg. Blomstrar frå juli til oktober.



Allium vineale 'Hair' Strandløk
Flott løkplante som frørsår seg sjølv om du ikkje tar bort frøstandane etter blomstring. Her får den så seg fritt :-) Blomstrar mai - juni. Omlag 50 cm høg.



Diantus barbatus nigrescens 'Sooty' - busknellik TOMT
Lekker nellik som blomstrar i juli - august. Omlag 40 cm høg. "-årig, men oppfører seg som ei staude då den her hos meg blomstrar kvar år. H6







Primula polyanthus mix TOMT
Ingen vår utan Primula. Blomstrar frå februar/mars til langt ut i juni. Kan også kome med eit lite blomsterflor seint på hausten. Her hos meg også i desember. Frømiks av desse som er avbilda samt lilla og mørk gul.




















Hebe topiaria
Nydeleg liten vintergrøn busk som blir omlag 20 - 30 cm høg. Blomstrar i juni - juli. Usikker på kor herdig den er. Denne har eg hatt sidan 2009. Eg bor i sone H3.



Trollius ircuticus - Sibirballblom TOMT
Litt annaleis ballblom med opne blomstrar. Lekker gul/orange farge. Blomstrar i juni - juli. Omlag 70 cm høg. H 6-7




















Kolkwitzia amabilis - fagerbusk. TOMT
Lettstelt og nøysom. Blomstrar overveldande i juni med rosa blomstrar. H4-5 Høgde 2-3 meter. Trives også i halvskygge. Overhengande og elegant vekst. Har du ikkje sådd busker eller tre før bør du prøve fagerbusk. Enkel å få til. Eg sådde dei inne om våren. Spiring etter 14 dager. Legg frøa i vatn i eitt døgn. Her finn du meir info.




Iris pseudacorus -  sverdlilje. 
Blomstrar i juni - juli. 120 cm



Iris sibirica. TOMT
Blomstrar i juni - juli. 120 cm høg.



Iris lilla TOMT
Lekker lilla Iris. Omlag 150 cm høg. Blomstrar i juni - juli.




Knautia macedonica 'Crimson Scabious' TOMT
Blomstrar frå juni til september. 60 - 70 cm høg. Ein staude som ofte får besøk av humler. H4-5




Digitalis purpurea lilla.
Revebjeller er to-årige, men frørsår seg så du vil ha den i årevis. Lett å luke bort der du ikkje vil ha dei. Eit must i den romantiske bestemorshagen og ein skikkeleg humlemagnet! H8



Digitalis purpurea kvit


Astrantia major rosa - stjerneskjerm. 
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. Lys rosa/lilla med det same den blomstrar. Lekker staude som har blitt ein av mine favorittar. Humlemagnet. H7-8



Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - tjæreblom
Eit blikkfang i bedet. Skarp rosa farge. Blomstrar i mai - juli. Omlag 40 cm høg.




Aquilegia mix 
Akeleier i alle mulige fargar, enkle og fylte. Akeleier er notorisk utro så det er umulig å vite om dei blir lik morplanta. 
For å sjå kor mange flotte akeleier eg har frø av, må du klikke deg inn på innlegga Her og her og herså finn du mange forskjellige  Det kan også vere at det dukkar opp heilt andre kombinasjoner. Akeleier er aldri kjedelige å så! H8



Thalictrum aquilegifolium '- akeleiefrøstjerne. TOMT
Vakker staude som svever over dei fleste andre plantane i bedet. Ein av mine favorittar. 150 cm høg. H8



Thalictrum aquilegifolium 'Alba'- akeleiefrøstjerne.
Den er minst like vakker i kvitt :-) H8



























Podophyllum hexandrum himalayafotblad. TOMT
Vil du ha noko litt uvanleg er dette ei artig staude som ein ikkje ofte finn i handelen. Her er den i knopp. Seinare vil den opne seg, og på hausten får den store raude frukt fulle av frø. Trives i skygge. Her får du meir informasjon og såtips. Blomstrar i mai - juni. Enkel å så.



Stachys grandiflora - prydsvinerot. 
God gamal staude, men ikkje mindre flott av den grunn. Vi etterkvart danne ei stor tue. Blomstrar i juni - august, ca 50 cm høg. H7




Clematis alpina 'Ruby' - alpeklematis. TOMT
Vakker blomsterrik alpeklematis. Blomstrar om våren. Gruppe 1 klematis som ikkje treng beskjering.  Eg fleire av desse som klatrar på ei armeringsmatte for å skjerme for innsyn. Etter avblomstring pyntar frøstendene opp. Dei ser ut som grå dusker. H7.
Her finn du såtips.



Clematis alpina - blå alpeklematis. 
Blomstrar tidleg vår. H7




Clematis macropetala 'Large Hybrids'
Flott klematis som eg har sådd sjølv. Slett ikkje vanskeleg å få til å spire. Eg sådde den inne, spirte etter 3 veker. Kan nok også stratifiserast. Blomstrar på våren. Eg er usikker på om den er frøekte, men av dei eg sådde vart dei fleste kvit og ein vart blå.



Hemerocallis lilioasphodelus - gul daglilje.
God gamal og nøysom staude. Juni - juli. Omlag 80 cm høg. Her finn du tips til korleis så dagliljer.



Verbena bonariensis - kjempeverbena.
Nydeleg staude som vaier elegant over dei andre staudane i bedet. Trives også god i potter. Blomstrar til frosten kjem. Ca 150 cm høg. Må overvintre frostfritt! Humlemagnet. Ein av mine favorittar. For fleire bilder sjå her





Rhodochiton atrosanguineus - blodbeger TOMT
Er det ei plante eg berre MÅ ha så er det blodbeger. Bør sås tidleg på året skal den rekke å blomstre i løpet av sommaren. Blomstra til frosten kjem. Må overvintre frostfritt. Her ser du korleis eg sår blodbeger



Echinops ritro - kuletiste TOMT
Juli - september. Omlag 100 cm høg. Flott staude og ein humle- og sommerfuglmagnet. Dei blå kulene er veldig dekorative i staudebedet.


Echinops ritro - kvit kuletiste. TOMT
Kvit variant av kuletistel. Ikkje så lett å oppdrive i handelen då eg har vore på leiting etter denne lenge utan å lukkast.



Leontopodium alpinum - edelweiss TOMT
Juni - august. Omlag 10 - 20 cm høg. Alpeplante som er herdig i heile Norge. Her finn du meir info. Flott i samplanting med bla Heuchera (alunrot) Held seg fin heil sesongen. H8



Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster
Den vakraste av søstrene og min absolutte favoritt. Nydeleg lilla farge, blomstrar i juni - juli. Omlag 90 cm høg. H8


Papaver orientale 'Coral Reef' TOMT
Lekker rosa orientvalmue. Blomstrar i juni - juli. Omlag 80 cm høg. H7



Papaver lateritium 'Flore Plena'
Søt liten valmue som blomstrar lenge. Frå juni til langt ut i oktober. Frørsår seg ein del, men er enkel å luke. 40 - 50 cm høg. H7




Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom
Blomstrar i mai - juni. Omlag 30 - 50 cm høg. Danner etterkvart store tuer som med fordel kan delast. Ein fargeklatt i bedet. H8



Allium cernuum - prærieløk. TOMT
Flott blomsterrik allium. Kjem trufast igjen år etter år. Ein av mine favorittar. Blomstrar frå juni - september. Omlag 30 - 40 cm høg. H 4-5. Danner etterkvart store tuer. Såtips finn du her her




Levisticum officinale - løpstikke - kjærlighetsurt.
Fleirårig urt som kan bli 1 - 2 meter høg. Kraftig smak, kan brukast i staden for buljong. Eit must i kjøkkenhagen. Ypparleg til urtesalt. For meir info sjå her




Lychnis coronaria - fløyelstjæreblomst.
Flott to-årig staude som frøsår seg sjølv i hagen. Enkel å luke bort. Første året dannar den ein rosett og blomstrar året etter. Flott sølvgrått bladverk som er lekkert i samplanting med andre staudar. Mest vanleg i rosa, men den kvite varianten er minst like flott. Blomstrar juni - september. Omlag 70 - 80 cm høg. H7 TOMT for kvit


Hosta mix
Hosta er ikkje frøekte. Dei fleste plantane vil bli grøne, men ein og annan skatt vil dukke opp. Kanskje ein heilt ny variant som du kan kalle opp att etter deg sjølv :-)
H7-8


Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' - ridderspore
Lekker ridderspore som blir omlag 150 cm høg. Blomstrar i juli - august. H7. Eg er usikker på kor frøekte dei ulike riddersporane er, men eg trur ikkje dei vil bli så ulik morplanta. 



Delphinium mix- ridderspore TOMT
Miks i ulike blåfargar. H7



Delphinium elatum 'Misty Mauve' TOMT
Lekker blålilla farge. H7. Godt likt av humler.


Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Om du ikkje er det frå før så blir eg glad om du legg deg deg til som "liker", :-)

Her viser eg korleis eg sår staudar. Det meste av frøa eg sel kan såast på denne måten.

Her er dei tomat og chilifrøa eg har

og

Her finn du kva slag kvitløksfrø eg har til sals


Frøliste
Dei som er merka med raudt er det dessverre tomt for.

DIVERSE FRØ AV STAUDAR, KLEMATIS OG BUSKER ANT FRØ PRIS
Aconitum septentrion 'Ivorine' - Hjelm TOMT 10 15,-
Agastache rugosa - Koreansk anisisop 50 15,-
Allium cernuum - Prærieløk TOMT 20 15,-
Allium vinale 'Hair' - Strandløk 6 15,-
Aquilegia 'Heidi' - Akeleie 50 15,-
Aquilegia mix Akeleie 100 15,-
Armeria hybrida - Fjørkoll 50 15,-
Astrantia major  - Stjerneskjerm 30 15,-
Centaurea montana - Honningknoppurt 30 15,-
Clematis alpina - Alpeklematis 20 15,-
Clematis macropetala 'Large Hybrids' - Klematis 20 15,-
Clematis 'Ruby' - Alpeklematis TOMT 20 15,-
Delphinium elatum 'Misty Mauve' - Ridderspore TOMT 20 15,-
Delphinium mix - Ridderspore TOMT 20 15,-
Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' - Ridderspore 20 15,-
Dianthus barbatus nigrescens 'Sooty' - Busknellik TOMT 50 15,-
Digitalis purpurea kvit - Revebjelle 100 15,-
Digitalis purpurea lilla - Revebjelle 100 15,-
Echinops ritro blå - Kuletistel TOMT 15 15,-
Echinops ritro kvit - Kuletistel TOMT 15 15,-
Eryngium bourgatii - Pyrenestikle TOMT 30 15,-
Eryngium planum ´Blue Glitter´ - Stikle TOMT 30 15,-
Eryngium planum 'White Glitter’ - Stikle TOMT 30 15,-
Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom 50 15,-
Hebe topiaria 50 15,-
Hemerocallis lilioasphodelus - Daglilje 10 15,-
Hosta mix 15 15,-
Iris lilla TOMT 10 15,-
Iris pseudacorus - Sverdlilje 10 15,-
Iris sibirica - sibiriris TOMT 10 15,-
Knautia macedonica 'Crimson Scabious' - Makedoniarødknapp 15 15,-
Kolkwitzia amabilis - Fagerbusk TOMT 7 15,-
Lathyrus latifolius - Breiskolm blomsterert staude TOMT 10 15,-
Leontopodium alpinum - Edelweiss TOMT   15,-
Lunaria annua - Judaspenge 10 15,-
Lychnis coronaria kvit - Fløyelstjæreblomst TOMT 100 15,-
Lychnis coronaria rosa - Fløyelstjæreblomst 100 15,-
Lythrum salicaria 'Rosy Gem' Strandkatthale TOMT 50 15,-
Meconopsis betonicifolia - Blå Valmuesøster TOMT 50 15,-
Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster 50 15,-
Monarda didyma - Hestemynte lilla TOMT 30 15,-
Monarda didyma 'Cambrigde Scarlet' Hestemynte 30 15,-
Papaver lateritium 'Flore Plena' - Valmue 100 15,-
Papaver orientale 'Coral Reef' - Valmue TOMT 50 15,-
Papaver orientale 'Nana Allegro' - Valmue TOMT 50 15,-
Podophyllym hexandrum - Himalayafotblad TOMT 5 15,-
Primula polyanthus mix - Primula TOMT 30 15,-
Pulsatilla vulgaris - Kubjelle TOMT 20 15,-
Rhodochiton atrosanguineum - Blodbeger TOMT 30 15,-
Saxifraga x arendsii-hybrid - Hagesildre 100 15,-
Scabiosa japonica var. alpina - Skabiosa TOMT 20 15,-
Stachys grandiflora - Prydsvinerot 15 15,-
Thalictrum aquilegifolium 'Alba' - Akeleiefrøstjerne 25 15,-
Thalictrum aquilegifolium lilla - Akeleiefrøstjerne TOMT 25 15,-
Trollius ircuticus - Sibirballblom TOMT 30 15,-
Verbena bonariensis 'Buena' - Kjempeverbena 50 15,-
Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - Tjæreblom 100 15,-
CHILI OG TOMAT ANT FRØ  
Capsicum annuum 'Black&Red' 6 15,-
Capsicum annuum 'Pimientos de Padron' 6 15,-
Capsicum baccatum 'Lemon Drop' 6 15,-
Capsicum chinense 'Carolina Reaper' 6 15,-
Capsicum chinense 'Chocolate Habanero' TOMT 6 15,-
Capsicum chinense 'Habalocia Yellow' 6 15,-
Capsicum chinense 'Red Habanero' TOMT 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Black Prince' TOMT 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Grushovka' 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Hundreds & Thousands’ TOMT 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Millefleur' 6 15,-
Solanum lycopersicum 'Monymaker' 6 15,-
     
GRØNSAKER OG URTER    
Allium × proliferum - Luftløk TOMT 5 15,-
Allium cepa - Vårløk 20 15,-
Allium tuberosum - Kinesisk grasløk TOMT 20 15,-
Anthriscus cerefolium - Kjørvel 50 15,-
Brassica oleracea 'Scarlet' - Raud Grønkål 50 15,-
Brassica rapa var. japonica - Mizunakål 50 15,-
Forniculum vulgare - Villfennikel TOMT 20 15,-
Levisticum officinale - Løpstikke 30 15,-
Kvitløk Estisk Rød 20 20,-
Kvitløk frå Romania TOMT 10 20,-
Kvitløk frå Russland TOMT 20 20,-


Følg meg gjerne på Kristins Hage&Drivhus



Du finn meg også på Instagram



Her finn du flotte hagegrupper som er verd å ta ein tur innom:
og

om du vil kjøpe eller selge frø
og