fredag 20. mai 2016

Boakjølsnigler - mine erfaringar

Dette er ikkje eit innlegg til forsvar for boakjølsniglar (Limax maximus) heller ikkje ein vitenskapeleg studie, men eit innlegg om korleis eg har levd med ein relativ stor bestand boakjølsniglar i min hage.

Diskusjonane går høglytt på diverse hagefora rundt om på nettet der nokon hardnakka påstår at denne sniglen er "snill" og at den et brunskogsniglar (Arion vulgaris) andre meinar den er minst like glupsk som brunskogsnigel og gjer kort prosess.

Noko som er sikkert er at begge er framande arter i Norge som har blitt innført via hageplantar frå utlandet. Det i seg sjølv kvalifiserer nok til bekjempelse.

Her vil eg dele mine erfaringar om boakjølsnigelen som også går under namna leopardsnigel og tigersnigel.



I mange år har hagepusen Frøya, småfuglane, boakjølsniglane, Hosta, riddersporer, Dahlia og eg levd fredeleg side om side i hagen vår. Hagepusen Frøya er ingen jeger og let småfuglane vere i fred. Boakjølsniglane lar plantane vere i fred, og eg lar boakjølsniglane styre på med sitt utan innblanding.

Høyres reint ut som Edens hage før Eva fann eplet :-)

Etter kvart har eg fått ein ganske stor forekomst og eg finn dei overalt i hagen. Dei dukkar opp i blomsterkasser på verandaen, ute i beda og på plantebretta inne i drivhuset har fleire av dei bodd i vekevis medan eg har vore på sommarferie. Dette utan å gjere skade på plantane, og for meg ser det ut som dei har levd av daudt plantemateriale.

Denne rakkaren fann eg her ein av dagane inne i drivhuset på ein Dahlia som eg sådde tidlegare i år. Eg tok potta og sette den ut med boakjølsnigelen på for å sjå om han ville forsyne seg av delikatessen.


Når eg sjekka etter ei stund var den søkk borte, og planta var like heil. Det same var alle dei andre som sto inne i drivhuset. Den har nok bodd det i eit par dagar og blitt med inn etter at eg hadde dei ute til herding to dagar før. Kva den har levd av aner eg ikkje.

Her er brettet med Dahlia inne i drivhuset. Bak fremste bladet ser ein boakjølsnigelen.



Det er hagar i nabolaget som har brunsniglar. For eit par år sidan fann eg også nokre få eksemplar i hagen min som eg gjorde kort prosess med. Dei siste åra har eg ikkje funne ein einaste ein. Om det er fordi eg har såpass mange boa vil eg ikkje påstå, dette er berre kva eg registrerar.

Når dette er sagt, og som dei fleste veit så var ikkje Eva og Adam så lenge i Paradis for i fjor tok eg dei på fersk gjerning for fyrste gong i ei av verandakassene der dei forsynt seg med nyplanta Dahlia. Det var berre nokre små stubbar som sto igjen.
Også nyplanta aspargesbønner i kjøkkenhagen fekk gjennomgå, men om det var boakjølsniglar eller åkersniglar veit eg ikkje. Dei små grå åkersniglane er glupske dei også.
Eg har også tidlegare år observert at boakjølsniglar har ete opp kronblad til margeritter som sto i same blomsterkasse.

Etter fleire år i fredeleg sameksistens har eg no konkludert med at forekomsten av boakjølsniglar har blitt for stor alt med at eg har latt dei leve i fred, og at eg no må reduser forekomsten. Planen er å strø ut Ferramol på dei mest utsatte plassane og ta ein og annan runde med saksa.

Eg trur at boakjølsnigler kan halde brunsniglane på avstand, og at dei gjer mindre skade på levande plantemateriale så lenge forkomsten er på eit fornuftig nivå. Vil presisere, dette er IKKJE baste på vitenskapeleg fakta, berre på mine erfaringer!

"Tru kan ein gjere i kirka, for alt det andre gi meg fakta"


Etter ekle sniglebilder føler eg trong for å vise ein kunstnar i det å ta livet med ro og berre nyte. Ingen er betre på det enn min trufaste medgartnar Hagepusen Frøya.

Du finn meir om hagen min på Kristins Hage&Drivhus og på Instagram
Eg blir alltid glad for nye følgere, så legg deg gjerne til :-)




10 kommentarer:

  1. Interessante observasjoner, Kristin. Har ikke boakjøl her, men i fjor dukket de første brune opp, og snilekampen var i gang. Har ikke sett dem i år, men er veldig obs.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så langt har eg sluppe unn dei brune, men er redd det ikkje vil var i evigheiter så er på vakt eg også.

      Slett
  2. Kjekk lesing, men dessverre hos meg som bor i Strand kommune (ryfylke) florer det med snegler i alle varianter. De er brune, svarte, grå, lysebrune, med prikker å med striper. De spiser alt de komme over. Kvitløksbladene, gressløken, alle urteplanter å knasker det meste av blomsterplanter. Klippet 260 bitte små av de igår, så her er sneglekampen godt igang. God sommer :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Huff, det var leit å høyre. God sommer til deg også og lykke til med kampen.

      Slett
  3. Bank i bordet, jeg har ingen av disse, enda... Jeg har bare de helt svarte skogsneglene, selv om de spiser på planter så har jeg også en sameksistens med de. Dahlia er en magnet på snegler har jeg også hørt, og det samme med hosta. Trist når de blir helt spist opp!

    Nydelig pus!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt at du ikkje har fått brunsniglar i hagen din, det er berre å håpe på at dei aldri dukkar opp.

      Slett
  4. Dette var interessant å lese! Jeg har brunsnegler i varierende mengder,men også boa. Har hørt de har sin nytteverdi så jeg lar de være.Ifjor var det forferdelig snegle år,de spiste til og med gressløk...ser bedre ut denne sesongen,men nå har jeg gått løs med feramol og diverse andre tiltak i grønnsak hagen. Så får vi se hvordan det går :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gjorde boasniglane også stor skade, eller var det berre brunsniglane?

      Slett
  5. Har en del boasnegler, men ingen brune. Bittesmå grå snegler er imidlertid de som herper paprika og chilien...tror jeg!

    SvarSlett
  6. Æ er glad æ ikke er plaga med snegler i min hage, de ser ekle ut :o
    Håper du slipper disse , du og.

    Ha en fin kveld.

    Lisbeth :O)

    SvarSlett