fredag 1. april 2016

Sprøytefritt og kortreist!

Det er ikkje mykje som kan samanliknast med å kunne hauste grønsaker frå eigen hage. Spesielt når ein finn ut at det slett ikkje er så vanskeleg. Rett nok blir ikkje alt like vellykka, men det gjeld å fokusere på det ein får til.
Kvar vår startar eg like entusiastisk opp, og gløymt er bønnene som sniglane åt opp, og blomkål på størrelse med ein femkrone som så skaut i veret og blomstra. Gløymt er også salaten som aldri spirte og min første kvitløk som i beste fall var like stor som ei klinkekule. Den vart med andakt brukt til kvitløksmajones.

Her er skrytebilder frå fjorårets produksjon av grønsaker. Eg gler meg som ein unge til starte opp igjen i år. Berre sjå kor godt det ser ut, og smaken var endå betre. I tillegg er den prøytefri og kortreist!



























Her dyrkar eg ulike typar salat, løk, kvitløk, asparges, gulrøter, grønkål og diverse anna som eg ikkje kjem på i farta. Eg dyrkar kun i pallekarmar, veldig praktisk og så har eg betre kontroll på ugraset. Jorda vert også varmare så det spirar tidlegare. Når eg sår legg eg fiberduk over som gjer at jorda held på varmen og samstundes vernar den mot sniglar.



Sukkererter slår aldri feil. Det eg ikkje rekk å ete forveller eg og frys ned så har eg langt ut over vinteren.




Så langt, men ikkje lengre, dette er bønnene som sniglane gnafsa i seg. Eg har ein stor bestand med boasniglar i hagen og dei gjer liten skad på plantar og grønsaker, men bønner var visst snadder. Brunsniglar har eg sett nokre få av, men det er fleire år sidan eg sist såg dei sist. Kan vere at boasnigelen har jaga eller tatt knekken på dei?


























Luftløk til venstre, den har eg ikkje heilt lært korleis eg skal bruke så gode tips blir eg glad for.

Har du hage og plass til ein pallekarm eller to så er det berre å sette i gang. Smaken av heimedyrka og kortreist mat kan ikkje samanliknast med noko av det ein får kjøpt i butikken.

Her finn du meg og hagepusen Frøya på facebook: Kristins Hage&Drivhus og her på Instagram

Ta turen innom her: Moseplassen - sommerdrømmer



14 kommentarer:

  1. Så flott kjøkkenhage du har! Det er mye en kan dyrke i pallekarmer :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja pallekarmar er praktisk og kjøkkenhage er kjekt å ha :-)

      Slett
  2. Ja, det man dyrker selv er fantastisk! Jeg tenker å utvide grønnsakshagen etter hvert, men i år blir det også drivhusdyrking, så utvalget blir betraktelig større! Hilsen Anne-Kristin fra Lykkelig i hagen

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har også drivhus med toamtar, chili og agurk. Å gå ut i drivhuset ein tidleg morgon og plukke tomatar til frokosten føles som reine luksusen :-)

      Slett
  3. Kor flink du er! Eg har vel ikkje prioritert dette enda, men kanskje i år? Smaken er heilt klart betre enn i butikken!
    Eg og hadde utrulig mange boasniglar i fjor, men desto fleire brunsniglar. (Eg må tilstå at eg klipte nokre boaer og)

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur også at eg har for mange boasniglar, så i år vurderer eg å klippe ein del eg og så eg held bestanden i sjakk.

      Slett
  4. Dette så jo veldig flott ut :-)) Skjønner godt at du gleder deg! Vi hadde noen år hvor vi satte en bøtte poteter og fikk en bøtte poteter =O Her har vi så mange av de glupske at selv ikke en hel vinter kan fortrenge det, men vi planlegger opphøyde bed med sneglesperre- da skal det bli selvdyrket mat! Fin helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Lykke til med sniglesperre og dyrking av grønsaker. Det er så kjekt - i alle fall når ein lykkast :-)

      Slett
  5. Hei
    Så utrolig flott. Nå begynte det virkelig å klø i fingrene mine også. Selv om vi ikke alltid lykkes, så har vi i alle fall prøvd.
    Klem Vivi

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det viktigaste er å prøve, og skam på den som gir opp etter eit og anna mislykka forsøk :-)

      Slett
  6. Så fin köksträdgård du har!! Jag bara drömmer om att ha lika mycket ordning i min!! Jag måste ut och jobba!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du vet, det er ikke like god orden overalt, jeg tar bare bilder der det ser OK ut :-)

      Slett
  7. For en oase av en kjøkkenhage du har. Fantastisk! Jeg har nylig kjøpt to pallkarmer, så i år blir det debutår hos meg. Mye inspirasjon å hente her hos deg. Lykke til med grøden.
    Hilsen Jannicke

    SvarSlett
    Svar
    1. Lykke til du også. det er veldig morsomt å dyrke sin eigne grønsaker.

      Slett