mandag 28. mars 2016

Ein ny vår

No har bloggen min fått seg ei skikkeleg vårreingjering med ny layout og nytt namn. Alt dette takka vere ei kjekk og totalt, for meg ukjent dame som tok kontakt via facebook. No har Rie Aleksandra rydda litt og samstundes fått meg i gang med blogging igjen.
Rie Aleksandra er no i ferd med å opprette bloggen Cicerone. Her finn du mange nyttige lenker til mellom anna hagestell, fermentering og matlaging. Vel verd eit besøk.

Ny språkdrakt vert det også då eg no prøvar på å blåse støvet av nynorsken.
Som sunnmøring ligg det meg meir naturleg å skrive nynorsk enn bokmål. Dessverre så har den blitt litt rusten med åra, så garva nynorskfolk vil nok finne ein og annan skrivefeil. Korriger meg gjerne - eg er ikkje hårsår :-)

Her hos meg er alt som vanleg på denne tida av året. Frø til spiring på kjøkenet, fullt på planterommet, og drivhuset byrjar å bli fullt det også.



 






















Cordyline har klart vinteren bra i drivhuset i vinter. Nokre tørre tuppar på blada, men det får heller våge seg. Tomatane er flytta ut, og er allereie byrja å blomstre. Sådde vel tidleg denne sesongen.

Sjøl om eg er langt framfor skjema så vil eg tru det er ei stund til eg får nyte smaken av desse.



Vil du sjå meir frå hagen min og korleis eg toppar chiliplantar kan du gå inn på facebooksida mi og legg deg gjerne til:

Kristins Hage&Drivhus eller på Instagram

Berre for å sagt det så var det gamle namnet på bloggen min "New Dawn: Min hageverden"