fredag 13. april 2012

Topping av sommerblomster - korleis eg gjer det.

Det kan kanskje virke litt brutalt å klippe toppen av sommerblomstrane når dei endeleg har byrja å vekse, men vil du ha lubne og tette plantar så løner det seg så absolutt. Dei blomstrar kanskje litt seinare, men den prisen er verd å betale.
Eg toppar så å sei alle sommerblomstrane, dei einaste eg kjem på i farta som eg ikkje toppar er stemor.

Kvart år sår eg mange ulike typar Dahlia eller georginer som dei også bli kalla, og for at det skal bli lubne og tette plantar med mange blomstrar så toppar eg dei også.

Her er ein Dahlia før jeg toppar den. Dei to nederste blada er frøblad over dei kjem dei vanlige blada. Det er viktig at ein ikkje toppar rett over frøblada, men over et par av dei blada som kjem over. Toppar ein rett over frøblada vil ikkje planta overleve.



Sånn ser Dahliaen ut etter topping. Litt stusseleg å sjå til, men den kjem snart med to nye skudd i begge bladfesta.


Toppen som eg klipper av kan brukast som stikling berre stilken er lang nok, og vipps så har du ein ny plante. Stilken kan med fordel vere lengre enn den du ser på bildet under.


Stikk stilken så lang ned i jorda som du kan. Det er berre ein fordel at det er litt lengde på den då det letter danner seg røter på ein stilk med litt lengde.

Eg har satt stiklingen ned i samme potte som den toppede planten for å få den enda lubnere.


Her er ein Dahlia som eg toppa for eit par veker sidan. Som du ser har den allereie komt med to nye skot frå bladfesta.



For fleire tips og bilde frå hagen kan du ta turen innom Kristins Hage&Drivhus og  Instagram

Hagesider på Facebook som er verd eit besøk:
Hagegal
Vi som elsker hage og blomster
Hageglade på Facebook
Frø kjøpes, selges, gis bort og vises frem





12 kommentarer:

  1. Ja det er nesten utrolig hva de tåler disse små plantene :) Og solsikke, må ikke topper.. God helg!

    SvarSlett
  2. Flott forklaring du har laget her.
    Ha en fin helg!

    SvarSlett
  3. Takk for en flott forklaring, gruer meg alltid til å klippe av de skuddene, men det må nok gjøres selv om de ser litt stusslige ut etterpå.

    SvarSlett
  4. Hei! Det er så lærerikt å lese bloggen din! Jeg har aldri vært tøff, når det gjelder å toppe planter. Jeg skal følge din råd heretter!

    Ønsker deg en fin kveld.

    SvarSlett
  5. Dette var nytttig informasjon. Jeg har i mange år sådd sommerplanter som ringblomster, blomkarse, tagetes og alt de opp i drivhus, men aldri toppet de. Gjør du det med alle sommerplantene?

    SvarSlett
  6. Hei Bente.
    Nei ikke med alle, blomkarse og solsikker topper jeg ikke. Ringblomster skal jeg så for første gang i år, og da direkte ut - de har jeg ikke tenkt å toppe.
    Du kan søke litt rundt på forumet hagegal, der finner du svar på det meste :-)

    SvarSlett
  7. Takk for informativt og nyttig innlegg! Jeg har tenkt å stikke endel georgine-avklipp i år, men bare av noen utvalgte sorter :-) God helg!

    SvarSlett
  8. Så absolut......det er det hele værd selv om man godt kan sidde med en følelse af at det er synd ;0)

    Knus Dorthe

    SvarSlett
  9. Hei og takk for en fin og nyttig blogg! Topper du agurk, tomat og chili også? Jeg skal prikke agurk og tomater i morgen. Tror du det er greit å sette dem ut i drivhus som har gulv varme nå? Bor på Hvaler.
    Hilsen Vibecke

    SvarSlett
    Svar
    1. Tomat og agurk toppar eg ikkje. Chili lærte eg for eit par veker sidan at det lønte seg å toppe så er har toppa halvparten av plantane mine. Gå inn på facebookgruppa Norske Chiliklubben, der finn du ekspertar på området.
      Kva du kan sette ut i drivhuset kjem an på kor varmt du klarar å halde det. Eg har tomat og agurk i drivhuset no. Termostat på 16 grader. Chili er enno på planterommet for der er det varmare ca 20 grader eller meir.
      Under 14 grader liker tomaten og agurk seg ikkje og vil stagnere i vekst, men dei vil overleve langt lavere temperaturer.
      Håpar dette var til hjelp :-)

      Slett
  10. Hei. Jeg lurte på om du topper tomat?

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, tomat toppar eg ikkje. Når dei når taket i drivhuset klipper eg bort toppen så dei får bruke kreftene på å Lage tomatar :-)

      Slett